kolla
Eg er ein særs fjellinteressert kar som går mykje på fjellturer. Er "altetande" når det gjelder topper men trives best i høgfjellet. Brukarnamnet "kolla" har vore mitt kallenamn sidan barndomen. Min turaktivitet har gradvis auka på med åra og dei fleste turane er forholdsvis lange dagsturer til fots, mest sommar og haust. Dei kjekkaste og finaste turane er likevel vårskiturer.
Min første høgfjellsbestigning var Gaustatoppen til fots på skareføre i mars 98. Frå 2001 til 08 brukte eg 1-3 veker kvar sommar på å samle 2000 m-topper. I 09 blei eg for alvor interessert i topper med høg primærfaktor og frå då av har 2k-samlinga mest stagnert. Mitt karrieremessige høgdepunkt er bestigninga av Mont Blanc i juli 06. Framtidsmålsetting er å fullføre 2k pf 50-lista, 1800 m pf 100 og sør-Norge pf 500, samt alle pf 250 i Telemark og Agder og pf 100 i Rogaland.
Dei aller fleste fjelltopper (PBE) i Rogaland og tilgrensande Agder-kommuner som er registrert i Peakbook's database er det eg som har lagt inn. Hvis nokon finner feil/ mangler eller har spørsmål/ kommentarer til topper eller turer er det bare å sende meg epost eller SMS.
Kommentarer