Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Klubbafjellet, Høgehei og Dukoll

Dato:
31.03.2012

Gjekk frå Fv 661 ved avkjørsel til Lyngsvatnet opp til demningen. Isen var i full oppløysning så det blei ingen snarveier der slik eg hadde tenkt. Gjekk til fots langs nordsida av vatnet et stykke og så opp på Klubbafjellet. Snøen var farlig hard og isete i nordhellingane. Gjekk så ned i Lyngsdalen og litt ned i Rausdalen og skrådde opp til Høgehei. Gjekk ned i vestsida og opp nordaustryggen til Dukoll. Gjekk ned den nokså bratte nordvestsida (som var nesten snøfri) mot garden Åse, og fulgte så grusvegen tilbake til Fv 661. Det var lettskya ver og svak NV-vind denne laurdagen.

Kart    

Lindtjørnsknuten og Sandstølknuten

Dato:
25.03.2012
Kart    

Sesilåmi

Dato:
24.03.2012

Endeleg ein knallflott dag med skyfri himmel da Sesilåmi skulle gå av stabelen. Starten gjekk frå Jarnsverk på ca 670 moh pga mangel på snø på Furestøyl. På vei opp mot Kvislevasskaret sneik eg meg ut av løypa og gjekk oppom Kvislevassnuten som blei mitt høgaste punkt denne dagen. I utforbakken vest for Kvislevasskaret tryna eg hardt med overkroppen og det blei vondt å stake resten av løpet. Ved tjern 883 vest for Sandvatnet tok eg en avstikker vestover og gjekk oppom Bergeknuten. Bar skia en del av tida her utanfor løypa pga hard isete snø. Ikkje mitt favorittføre denne dagen, men god glid var det i alle fall til glede for dei som har fartsteknikken i orden. Kom i mål på Sinnes blandt dei siste på tida 8:06 som er snaut 2t lenger tid enn året før.

Kart    

Vallresknuten

Dato:
18.03.2012

Gjekk på ski frå Giljastølen opp langs heistraseen som hadde samanhengande snø sjøl om det var store bare partier i bakkane på sida. Eit stykke ovanfor toppen av heisen kom eg inn på ferske skispor som eg fulgte opp til Vallresknuten. Det var 3 navn i boka frå før denne dagen. Gjekk så videre austover til Horten som ifølge kartet er 1 m lågare enn Vallresknuten. Gjekk så vidare austover bortom trigpunkt 854 der det er utsyn over nedre del av Øvstabødalen før eg gjekk vidare til Omundsslåtten som har like flott varde som Vallresknuten. Returen la eg nord- og vestover for å få med meg litt utsikt ned i Frafjorddalen.

Kart    

Svampaknuten og Frafjordhatten

Dato:
04.03.2012

Gjekk opp Norddalen til Stølsvatnet og så søraustover opp til Storaknuten. Flott utsiktspunkt over Frafjord litt sør for toppen. Gjekk så ned i skaret i Brekkedalen og over toppane 663, 722 og 742 før eg gjekk opp på Svampaknutens to topper. Gjekk ned igjen vestover og var oppom topp 672 før eg gjekk over isen på Fornastølsvatnet opp til Frafjordhatten. Skreiv meg inn i boka som den første siden 28. nov i fjor. Gjekk ned normalveien. Snø over 450moh som var hardpakka og heilt grei å gå på til fots. Brukte nesten 8t totalt på denne turen. Overskya ver og søraust frisk bris og rundt 0 grader i høyden denne sundagen.

Kart    

Frå Jamnarheia til Tindafjellet

Dato:
03.03.2012
Kart    

Rundtur om Tomlongsheia

Dato:
02.03.2012

Gjekk frå Sætra nord for Moi, først et lite stykke i lysløypa og så i terrenget opp på Kjedleknuten. Så videre sør og austover til Øykjaheia, Svarttjørnheia og Tomlongsheia som er høgaste topp i Flekkefjord. Postkasse med bok ved en stor stein. Gjekk videre sørvestover over Rudleknuten til Steinsvassknuten som har en imponerande varde med hogde steinblokker, og boks med vardebok. Gjekk så over Steinsvatnet og opp på Trollarinda før eg gjekk nordover til Sætra igjen. Har minka veldig med snøen men eg gjekk til fots på god skare. Det var flott ver denne fredagen og eg brukte ca 9t på denne rundturen.

Kart