Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Fossdalsskavlen og Trollanuten

Dato:
10.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:15t

Sykla på rallarvegen opp Uppsetdalen til ved omtrent midt på Langavatnet der det er ein jernbaneundergang så eg kunne kome meg over på nordsida. Bar skia med gjennom bjørkeskogen et stykke til eg kom opp til ein bekk som renner ned vestfrå. Langs dette bekkegjelet over ca 850 moh fant eg samanhengande skiføre oppover til Eilivseggi og vidare til Fossdalsskavlen. Nok ein dag med flott utsikt til Hurrungane. Gjekk vidare austover til Trollanuten og så sørover til Bleienuten og ned forbi Jernhusvatnet og det blei skibering det siste stykket ned til Uppsete Fjellstove. Deretter trasking drøyt 3 km nedover Uppsetdalen til eg fant igjen sykkelen og trilla ned igjen til vandrerhjemmet. Dette blei nok min (foreløpig) siste skitur denne sesongen, men må nok tilbake ved framtidige anledninger >>>

Kart    

Skorafjellet og Mjølfjellet

Dato:
09.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:45t

Sykla nok ein dag opp til nordenden av Slondalsvatnet og gjekk tomhendt på stien langs austsida av vatnet og opp mot punkt 1028. Derfra fortsatte eg skituren der eg slapp dagen før på turen til Vassfjøra og Reinskardnuten , og gjekk sørover mellom vatna 1044/ 1055 og rett opp den bratte nordsida til Skreppenuten og fortsatte over Såtaskavlen og Sveigsfjellet til Skorafjellet. Derfrå godt nedrenn nordover og var oppom Hattafjedl til fots før eg traverserte austover til skaret mot Mjølfjellet. Tok av skia der og bar dei med opp på Mjølfjellet. Så bortom NV-toppen før eg rant austover mot Slondalsvatnet og skiføret tok slutt på rundt 950 moh. Der bratner det til og eg fulgte en utydelig sti nedover på nordsida av den flaumstore bekken. God sti igjen langs vestsida av vatnet til nordenden, og sykla så ned >>>

Kart    

Vassfjøra og Reinskardnuten

Dato:
08.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:15t

Sykla opp til nordenden av Slondalsvatnet og bar så skia med meg på stien langs austsida av vatnet opp til elva nord for punkt 1028. Her blei det litt spektakulær elvekryssing på ei bratt snøfonn som låg over elva. Ganske stor vassføring pga snøsmeltinga. Kom meg greit over og her kunne eg ta på skia og gjekk langs vestsida av Kvannjolvatnet og på sørsida av Reinaskardnuten og Svana opp til Vassfjøro som er eit karakteristisk flott fjell synlig frå store deler av Hardanger. Har lenge tenkt eg må på Vassfjørå ei gong og dette blei ein perfekt dag til det. Mykje klarare ver og litt kjøligare denne dagen enn dagane før så utsikten var framragande mot bl.a Jotuntopper. Gaustatoppen var og lett synlig i kikkert. Vardeboka var dessverre gjennomblaut, og trenger torking. Var oppom >>>

Kart    

Skipanuten og Øykjafonn

Dato:
07.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:00t

Vandrerhjemmet var midlertidig stengt, men det var greit for min del. Fant ein grei parkeringsplass til "bubilen" rett nedanfor og slo leir for nokon dagar. Sykla rallarvegen oppover Uppsetdalen til litt forbi Rundavatnet og gjekk deretter over bru over elva og gjekk eit kort stykke opp den bratte nordsida før eg kunne ta på ski på ca 850 moh. Ikkje heilt heldig med veret da skoddeskyer la seg nedpå toppane utpå dagen, men slapp heldigvis nedbør. Gjekk i vestsida av Øykjafonn da sjølve nordryggen såg bar ut, og var fyrst på Skipanuten og så Fløyelsbråten og Øykjafonn. Burde heller tatt Øykjafonn fyrst! Skodda låg på rundt 1450 moh så eg fekk problem med å finne rett veg ned frå Øykjafonn uten nymotens navigasjonsutstyr. Skulle nordover og hadde NV laber bris å >>>

Kart    

Storebottseggi

Dato:
06.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:00t

Fulgte traktorveg eit kort stykke opp og vestover og prøvde å finne sti gjennom skogen, som er inntegna på kartet, men stien var tydeligvis ikkje i bruk lenger. Enkelte raude piler viste veg men måtte stort sett bare finne min eigen veg gjennom skogen opp til Håset. Der kom det traktorveg opp frå vest som ikkje var inntegna på mitt kart. Vidare fant eg sti et stykke oppover til eg kom over tregrensa. Fin utsikt frå toppen til fjellryggen sør for Raundalen med bl.a Horndalsnuten og Olsskavlen som ennå har mykje snø på nordsida over 1000 moh. På Storebottseggi var det kun enkelte snøfenner igjen. Gjekk ned igjen omtrent same veg som eg kom opp.

Kart    

Skamdalshorgi og Høgahorgi

Dato:
05.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:45t

Var fyrst på Skamdalshorgi der det var god sti opp frå bakketoppen mellom Kjeatjørni og Grønlivatnet. Nokre snøfenner låg ennå igjen. Traff på fleire andre langs stien. Vardebok på toppen. Sykla så ned til Bulkuhaugen og fulgte stien til Horgastølen. Der fant eg ingen sti vidare men gjekk rett oppover til Høgahorgi. Snøen var nettopp forsvunnet og lettgått uten høg vegetasjon. Vardebok på toppen. Så nedover nordryggen fra Høgahorgi og kom inn på ein sti igjen så eg fulgte et stykke før eg gjekk vestover til Lyklaknappen og så ned gjennom skogen til Kjeatjørni og til slutt oppom trigpunktet Storhaug ved eit hyttefelt.

Kart    

Grønahorgi og Tinden

Dato:
04.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:15t
Kart    

Tveitakvitingen og Høganovi

Dato:
03.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:00t

Ein lenge planlagt men stadig utsatt tur til Tveitakvitingen skulle nå endelig realiserast. Hadde tenkt å ta denne turen på ski og her ligger heldigvis snøen lenge men etter ein sommarvarm mai månad var eg forberedt på ein del skibering før eg kom opp til samanhengande snø. Hadde funne ein parkeringsplass på sørsida av Rv 7 litt aust for Mødalsvegen som ikkje hadde oppslag om "Privat parkering" eller 3-sifra døgnavgift for parkering. Veit ikkje om desse avgiftene gjelder utanom sesongen, men nå slapp eg å tenka på det. Hadde med sykkel som eg brukte opp den drøyt 3 km lange Mødalsvegen som er stengt med bom. 200 hm stigning så måtte leie sykkelen mesteparten opp, men veldig greit når ein kan trille ned igjen etter endt tur. Frå Mødal går stien vidare sørover >>>

Kart