Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Favorittopper
Torfjellet og Tuva
- Dato:
- 17.09.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 6:30t
Det var meldt regn denne lordagen og regnet kom i 11-tida. Periodevis opphald men venta til i 16-tida da det klarna opp i vest og sola kom. Sykla nedover mot Storlykkja og gjekk så på merka sti opp til Torhøtta, som har vardebok, og vidare over Langskarven mot Gråurfjellet. Høgaste topp Torfjellet hadde ikkje sti, men stien går til vesttoppen Gråora som har vardebok. Fulgte så stien ned til vestenden av Storvatnet der det er ein gapahuk. Vidare vestover på sti gjennom myrete terreng og opp til Tuva som og har vardebok. Så på stien ned sørover og inn på setervegen tilbake til parkeringsplassen.
Krosshøe og Dumhøe
- Dato:
- 10.09.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:45t
Som vanlig grått ver med regn i lufta på laurdag under PB-treffet, men denne helga blei starten på ein for meg heilt eventyrleg haust med nær 7 veker langt toppturraid i Oppland, Sør-Trøndelag og Nordmøre. Fulgte stien frå Krossbu til Krosshøe. To topper har høgde 1627 og eg var fyrst på austtoppen. Lågt skydekke men glimtvis betre sikt. Droppa fotoapparatet i vona om å lokke fram litt betre ver. Gjekk vidare vest- og nordover forbi Aurkvee og så opp til Dumhøe frå sørvest. Nå auka regnet på og skodda la seg langt nedpå så turen blei alt anna enn trivelig. Frå Dumhøe gjekk eg rett sørover til Nufsvatnet og fulgte så stien ned til Fv 55 i Breidsæterdalen. På veg ned til Nufsvatnet gav regnet seg og skydekket letta, og kleda mine torka meste opp til eg var tilbake på >>>