Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (530)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Regnådalsheii
- Dato:
- 03.06.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 10:30t
Bar med ski og gjekk på grusveg mot Veiåstøylen som var stengt med kjetting. Kunne ta på ski på ca 840 moh, og gjekk via vestsida av Lomstjørn opp mot Slarvedalen, 1225-toppen og Regnådalsheii. Vidare sørover til Hågeheii, Kjelkebrokkheii og Undermigheii. Litt meir skyer denne dagen enn dei foregåande dagane. Værvarslet gjekk ut på utrykt for enkelte regnbøyer i Agder og Telemark så eg rekna med det skulle gå greit. Det tjukna til i søraust og haurte fleire tordenskrall på veg til Undermigheii. Denne toppen viser seg nå å vere hårfint under pf 100 etter at ØK har fått 1 m-koter. På retur nordover kom uværet over meg og flerie lyn blei etterfulgt av tordenbak etter bare 2-3 sekunder. Snaut 1 km unna altså. Ingen dramatikk, men var ikkje høg i hatten mens det stod på. >>>
Lauvåsnuten
- Dato:
- 02.06.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:30t
Samanhengande skiføre opp den bratte nordaustsida. Måtte ta av skia 2-3 plasser på veg ned vestryggen. Vidare vestover langs snøskuterløype og oppom Slettestøylfjellet og Dammenuten. Ned igjen via snøskuterløype gjennom hyttefeltet sør for Lauvåsnuten. Bar skia det siste stykket bort til vegen og tilbake langs Bjørnevatnet. Relativt kort tur, men brukte god tid så det blei ein slags kviledag.
Krakefjell og Fagervassknuten
- Dato:
- 01.06.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 9:15t
Mindre snø her enn lenger vest, men stort sett samanhengande skiføre frå vegen. Gjekk via Djupetjørn over Bergeheii, og over dei to jamnhøge toppane på Krokevassnuten. Så ned over Krokevotni og sørover via Sjauskjerheii til Krakefjell. Her er det jernbolt/ trigpunkt oppå kampestein. Klarte å klatre oppå. Så nordover til Storeheii der eg gjekk opp ei snørenne i vestsida. Vidare til Fagervassknuten der eg gjekk opp ei sørvendt renne som var snøfri øverst. Vidare til fots opp vestryggen. Retur nordvestover og var då oppom Vardeknausen før eg traverserte langs nordsida av Bergeheii og fulgte spora mine tilbake til Myklevatn.
Vierheii og Vardsvasseggene
- Dato:
- 31.05.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 7:30t
Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.


