Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (218)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (99)
- Fjellskitur (31)
- Langrennstur (59)
Godverstur til Holmøyskaregga
- Dato:
- 29.03.2013
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:54t
- Distanse:
- 24,3km
Turen starta frå parkeringsplass langs fylkesveg ved Klebersdalen. Turen gjekk i oppkøyrt løypetrase fram til litt opp i Blaksetdalen. Deretter måtte spora brøytast vidare gjennom fin puddersnø oppå skare/vindblåst snø. Fint og variert terreng å gå i. Fin utsikt frå Holmøyskaregga i alle retningar. Turen tilbake same veg fram til Bryneberget, der tilbaketuren gjekk i oppkøyrde løyper gjennom Klebersgrøta, over Klebersvatnet og ned i Klebersdalen tilbake til utgangspunktet. Eg anbefalar oppoverturen for naturopplevelsen sin del. Nedoverturen er også fin dersom oppkøyrde løyper er å føretrekke. Det kan truleg også gåast kortare og brattare frå Klebersdalsvatnet og mot nordaust for dei som føretrekk det.