Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (218)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (99)
- Fjellskitur (31)
- Langrennstur (59)
Lyngkampen
- Dato:
- 01.10.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 15,0km
Fin tur til Lyngkampen i dag i flott haustver.
Fåberg kultursti
- Dato:
- 18.09.2016
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 6,4km
Fin tur i fint kulturlandskap. Ein av ti på topp i Lillehammer. Prøvde omsider Peakbook-appen, og den var jo bra! Særleg var det ein enkel og fin måte å legge inn foto på, som eg tidlegare har synest har vore litt knotete.
Tops in Nordre Land
- Dato:
- 16.08.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:45t
- Distanse:
- 8,5km
Høgda: Fin tur til Høgda, men lite utsikt frå toppen.. Litt forvirrande stisystem, men går ein cirka langs den stien som er oppmerka på 1:50 000-kart, treff ein på ein forholdsvis god sti. Men ta heller av ved huset på Nordheim, der tilbakesporet er markert. Turen vart målt til 6,7 km tur-retur og 242 brutto høgdemeter. Storrakahaugen: Vanskeleg å kome fram der eg gjekk opp på grunn av bringebærbusker, då det er lite sti, trur ikkje dette er veldig trafikkert topp. Brukbar utsikt nær toppunktet. Mykje maur på toppen. Litt meir framkomeleg på turen ned, anbefalar cirka denne ruta både opp og ned. Turen vart målt til 1,8 km tur-retur og 75 brutto høgdemeter. Vedlagte GPS-spor viser berre turen til Høgda.
Tennafjellet
- Dato:
- 22.07.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 8,0km
Fin tur frå Utigardsetra til Tennafjellet. Turen gjekk på brukbar sti fram til litt over 600 m.o.h., etter det var det å bruke fantasien. Relativt lettgått "sauefjell".
Batteriet tok slutt etter 8,0 km, men eg har antatt at "opp og ned er like langt".
Her er litt foto: