Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (218)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (99)
- Fjellskitur (31)
- Langrennstur (59)
Bjørga, Kyrakampen m.m.
- Dato:
- 16.05.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:40t
- Distanse:
- 14,2km
Strålande og solrik dag i Gausdal. Fine tilhøve, fast snø og godt skiføre (iallfall tidleg på dagen). Bjørga vart min topp nr 400 (definert som toppar med primærfaktor 50 meter eller meir). Det ekstra sporet på Bjørga indikerer tur til ein geocache. Inkludert i informasjonen om km, høgdemeter og tid er turen til Bjørga på 2,0 km tur-retur også inkludert, men ikkje synt i kartet, då dette ikkje gjekk.
Jentehaugen og Ohovde
- Dato:
- 05.05.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:40t
- Distanse:
- 14,4km
Skitur i flott og varmt vårver. Føret var litt slush, men ikkje verre enn eg hadde trudd, då det stort sett framleis er kuldegrader om natta her. Terrenget er meir kupert enn kva høgdekotene indikerer, og gav ein artig, men til tider litt utfordrande tur, med skog og bratt terreng. Jentehaugen var første topp, ingen jenter der i dag. Ohovde var andre topp, og den bydde på flott utsikt og ein geocache på kjøpet.
Mellsjøhøgda, Gjestebodsåsen m.m.
- Dato:
- 12.04.2016
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 22,0km
Strålande tur i fint solskin. GPS-sporet er ikkje fullstendig logga, då batteriet gjekk tomt. Men turen gjekk opp på Gjestebodsåsen og tilbake til start. Turlengd synt er basert på heile turen, ikkje berre GPS-sporet. Fint og hardt snødekke, men ikkje for hardt, gjorde at det var fint å gå utanfor løyper også, sjølv med joggepinnar. Turen gjekk delvis i oppkøyrt løype og delvis utanfor.
Storskarvola
- Dato:
- 25.03.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:02t
- Distanse:
- 15,0km
Skitur frå Stormoegga fritidspark opp på Storskarvola. Hardt, men greitt skiføre på veg opp i oppkøyrde løyper. Tok av frå oppkøyrde løyper og mot Storskarvola. Her var det fritt val mellom å gå på bar mark på solsida eller snø i skuggesida. Måtte renne litt, derfor vart det opp og ned på snøen. Dårleg batteri på klokka medfører at det berre er oppoverturen som vart logga, denne er synt på kart. Ned att kom eg slik at eg kom inn på skiløypa att nokre hundre meter aust for Reinsliåsan/Åsan p-lomme . Litt foto her:
Skitur frå Ullsheim til skiposten på Holesætra
- Dato:
- 21.03.2016
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:02t
- Distanse:
- 5,8km
Skitur på Brøttom til skipost 8 + litt til
- Dato:
- 19.03.2016
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 10,4km
Fåberg vestfjell skipost 28
- Dato:
- 17.03.2016
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 4:28t
- Distanse:
- 29,6km
Litt av Søre Ål-runden inkluert post 7
- Dato:
- 09.03.2016
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:07t
- Distanse:
- 8,0km