Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (218)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (99)
- Fjellskitur (31)
- Langrennstur (59)
Skipost 12 + ekstra tur
- Dato:
- 03.01.2016
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:15t
- Distanse:
- 9,8km
Nevelfjell
- Dato:
- 03.05.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 1:39t
- Distanse:
- 8,6km
Fin skitur til Nevelfjell i dag også. Bra ver, fast snø. Isete i det som har vore oppkøyrde løyper, noko som medførte at det enklaste var å gå utanfor desse.
Gjekk ei ny rute (for meg) opp på sørsida. Litt våt, men fast, snø i solhellinga. På veg nedover køyrde eg ned austsida, og der var det framleis tørr snø etter snøfallet tre dagar tidlegare. Dette medførte at mitt val av isklister var dårleg!
Bra med folk på tur i dag, det var for eksempel 5 personar samtidig med meg på toppen.
Trur det kan vere bra skitilhøve her kanskje til og med 17. mai, men det kjem jo an på korleis veret blir framover.
Nevelfjell
- Dato:
- 26.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 9,4km
Som seg hør og bør, vart det ein tur til Nevelfjell i dag også. Det var kome nysnø i terrenget og på vegen, godt eg ikkje hadde skifta til sommardekk.
Nysnøen gjorde skituren oppover og nedover ganske behageleg. Stort sett sol, -2 grader på toppen.
Snørvillen
- Dato:
- 21.04.2015
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 9,5km
Det vart kveldstur til Snørvillen. Oppstart på Sjusjøen. Nylig oppkøyrde løyper, som likevel nok var prega av siste to dagars mildver.
Lite snø på toppen, og trakka lett gjennom her. Men i spora elles og i snøen utanfor her verka det forholdsvis fast framleis.
Fint ver :).