Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (35)
- Trugetur (35)
- Fottur (375)
-
Skitur (9)
- Fjellskitur (9)
Håsteinen
- Dato:
- 06.10.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:05t
- Distanse:
- 16,6km
Starta ved grusvegen som er beskrive i oppturboka og på ut.no. Fulgte traktorveg/sti opp til eit vegskille som er merka med raud T. Eg fulgte først stien til pila, men fann ut at det kunne bli litt vel luftig for meg. Eg gjekk derfor tilbake og fulgte den andre stien opp til Høydalsvatnet. Der er det også merka med ein raud T opp mot venstre. Fulgte stien opp til skaret som ligg mellom toppane på Håsteinplatået. Eg gjekk så vidare mot Inste Håsteinen og retur samme vegen. På veg nedatt traff eg på eit lokalt par som kunne forklare namnet "Høydalsnipa" vert ikkje nytta av folk frå Høydalen. Men dei kalla toppen for Ytre Håsteinen. Den andre toppen blir då kalla Indre Håsteinen. Fann ut at eg får ta Ytre Håsteinen ved ei seinare anledning, då det blåste ganske bra >>>