Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Blåfjellet frå Bunestølen

Dato:
26.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:23t
Distanse:
10,7km

Det er ei stund sidan sist eg gjekk på Blåfjellet frå Bunestølen. Der var det komen grusveg nesten heilt opp til Frammarsvikstølen. Resten av turen er lettgått, sjølv om det er litt myr, så er turen fin. Når ein går i Sunnfjordfjella, så er det ofte at ein møter på ei myr eller to uansett, så forventningane er ikkje så store. Eg blei uansett ikkje så veldig blaut på beina. Nydeleg tur med nesten heilt vindstille på toppen. Det er også ein godfølelse når det nesten er heilt stille rundt. Høyrde hjorten ned mot fjorden brøle. Traff på eit jaktlag då eg var nesten nede ved Bunestølen igjen. Så det gjeld å være kledd i klare fargar.

Kart    

Årnesholten

Dato:
25.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:15t
Distanse:
7,6km

Gjekk frå Nedrestrand opp til Årnesstølen og leita fram stien som går rett opp før Årnesstølen. Det er etter kvart blitt eit umerka tråkk der som gjer turen noko kortare enn tidlegare.

Kart    

Gytta

Dato:
24.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,1km
Kart    

Nordheia og Djupviknipa

Dato:
23.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:08t
Distanse:
4,1km

Kart    

Raudmelen og Spenene

Dato:
22.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:27t
Distanse:
15,7km

Fin tur til Raudmelen. Eg har høyrt ein del om denne toppen. Og etter det eg kan sjå skulle det være god sti oppover, slik at eg var sikra dersom eg ikkje kom meg over tåka. Men ved Klukkshaug stoppa tåka og eg fekk ein fantastisk flott tur både opp og ned. Godt merka og godt tilrettelagt sti med sherpatrapper nokre stader og klopper nokre stader, slik at eg kunne nesten gå tørrskodd både opp og ned. Traff på eit par frå Frankrike. Dei hadde eigentleg tenkt seg til Lofoten, men bestemte seg heller for å være i Sør-Norge ettersom værmeldingane nordafor ikkje akkurat er strålande. Tok ein tur bort på Spenane også. Partiet mellom midtre og nordre Spenane var litt smalt, men ikkje verre enn at eg klarte å passere utan større problem. På veg tilbake tok eg ein liten dukkert >>>

Kart    

Mosekleivhornet

Dato:
21.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:10t
Distanse:
9,2km

Fine meldingar gjorde at eg tok med mannen på tur denne laurdagen. Utsikta frå stoveglaset var vel heller mangelvare, ettersom vi såg rett i tåka. Vi køyrde likevel avgårde nordover mot Stadt og Mosekleivhornet, som vart dagens mål. Etter det eg kunne sjå kunne det være lettgått og fint frå Furehornet parkeringsplass. Turen var lettgått, men litt blaut enkelte stader. I tillegg blas det ganske bra, men det er ikkje anna å vente ved Stadt. Stort sett ein grei tur, sjølv med litt vind.

Kart    

Klauva ein fin ettermiddag

Dato:
20.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:19t
Distanse:
8,3km

Nydeleg ettermiddag.

Kart    

Indrebøfjellet

Dato:
19.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:10t
Distanse:
6,8km

Kart    

Førdsnipa

Dato:
18.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:05t
Distanse:
8,5km

Gode temperaturar og vindstille på toppen. Absolutt ein fin kveld å gå på Førdsnipa

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
17.09.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
5,8km

Kart