Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1855)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Fuglefjellet
- Dato:
- 11.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 4,0km
Gulakvila
- Dato:
- 06.08.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:27t
- Distanse:
- 1,5km
Vardetur
- Dato:
- 06.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:13t
- Distanse:
- 11,4km
Denne turen har eg sett på lenge ettersom eg har vore ein del i området utan å ta turen. Parkerte bilen rett ved eit busstopp og rett ved sto skiltet om vardetur. Fulgte ruta som står på ut.no. Denne gjekk blandt anna opp ein sti, som var litt bratt, men overkommelig. Fulgte vidare merka rute mot Flogefjellet og Flolifjellet. Denne gjekk oppover lia. Greitt å gå, men litt smal sti enkelte stader. Hadde det ikkje vore skog nedafor, så hadde det nok kjentes litt luftig.
Kom opp på høgda og hadde fin utsikt blandt anna mot Eivindvik. Der var det ein varde og eit skilt om Flolifjellet og litt om historia til Gulatinget. Hadde ein liten matrast før eg gjekk vidare mot Flolifjellet, der var ingen varde. Fulgte ruta litt nedover mot lia før den gjekk opp til Svabergfjellet. På Svabergfjellet >>>
Ørneklumpen
- Dato:
- 05.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:22t
- Distanse:
- 7,2km
Tok ein repetisjon av turen eg hadde med turlaget for nokre år sidan. Fint å gå rundt med god utsikt.
Stillebåen
- Dato:
- 04.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:32t
- Distanse:
- 6,5km
Starta ruta som eg hadde gått tidlegare. stien er relativt tydeleg, men ikkje så godt merka. Midt oppi bakken var det ein del tre som hadde velta, så eg måtte kare meg gjennom. Desse hadde nok velta på grunn av ein veg det ser ut til at dei held på å bygge.
Opp med Keipevatnet fann eg blåmerka, men desse gjekk ikkje til toppen på Stillebåen. Det var likevel merka med vardar frå Keipevatnet og opp.
På veg nedatt fann eg ut at eg skulle prøve å følge den blåmerka stien ned. Den var greitt merka, men tydeleg ikkje så mykje brukt, sidan den er til dels gjengrodd eit stykke ned. Denne stien gjekk heilt ned til Sildevika. Gjekk vegen oppigjen til stistart. Neste gong vert det kanskje stien opp og ned. Vindfullt på toppen.
Strandanipa
- Dato:
- 03.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 11,3km
Svorstølsheia
- Dato:
- 02.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:03t
- Distanse:
- 9,2km
Fulgte god sti oppover. Eit lite parti som er bratt, ellers lett og fin sti å gå. Stien er ikkje så veldig godt merka i starten, men det er traktorveg, så det er ikkje så vanskeleg å finner fram.
Prøvde å gå rett ned. Der var ikkje sti og anbefalast ikkje.
Høgenipa
- Dato:
- 01.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:05t
- Distanse:
- 6,3km
Bergsheia
- Dato:
- 31.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:32t
- Distanse:
- 6,1km
Usikker på været i dag og det var meldt fare for styrtregn litt lenger inne. Sjekka difor værmeldingane om at det skulle være fint vær i Bygstad. Sola skein heile turen og nesten heilt vindstille. Tenk å få fleire slike fine ettermiddagar.
Det er komt ein anleggsveg eit stykke opp i lia. Det gjekk fint å køyre opp. Det var sett opp ei bru rett opp i bakken. Stien vart ein del kortare opp skogen.
