Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1855)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Steinnova og Stolen - Gaular komplett
- Dato:
- 27.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 6:19t
- Distanse:
- 23,6km
Etter det eg har forstått, er vegen opp til Oppedalsdale ikkje eigna for bilar som den eg har. Parkerte eg difor nede og gjekk opp grusvegen. Tok av rett før brua som er midt i dalen og fulgte ein meir eller mindre synleg sti oppover mot Sygneskaret. Oppe i skaret tok eg av til venstre der eg såg eg kunne komme meg opp på Steinnova.
Sikta meg vidare inn mot Stolen og traff sånn noko lunde. Gjekk langs vatna og opp på toppen. Der hadde eg ein liten rast før eg sikta vidare mot Sauebotnfjellet og Storehaugen og ned mot traktorvegen som går til Oppedalsstølane. Fulgte traktorvegen nedatt til bilen.
på veg nedatt traff eg på bonden som skulle ordne med bom mot kyrne. Han fortalte at før vegen var lagd, så gjekk dei opp via Gjermundstadskaret og ned Strupen med kyrna sine. Litt av ein >>>
Blægja og Synste stauren
- Dato:
- 22.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:09t
- Distanse:
- 13,4km
Værmeldingane meldte sol denne dagen og då var det berre å legge plan om tur til Blægja, som kun bør gåast i fint vær. Inviterte ei veninne på tur sidan ho har hatt denne toppen på ønskjelista lenge. Turen er flott, sjølv om det er litt utfordrande punkt på grunn av ura oppover. Hadde ein lang og hærleg stopp på toppen der vi kunne sitte å nyte utsikta og været. Returen gjekk via Synste Stauren. Då slapp vi mykje av ura ned. Blægja er ein av favorittane mine, rett og slett på grunn av den fantastiske utsikta på toppen og at det er eit av mine "Heimefjell".
Fosnavåg og Hornseten
- Dato:
- 17.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 5,3km
Etter ein køyretur frå Førde til Fosnavåg, der været ikkje har vore det beste den siste tida. Etter å ha booka inn på hotellet, såg eg an til at det kunne være tendensar til fint vær. Tok sikte på at Hornseten var bra. Og jammen traff eg blink. Flott vær med sol, sjølv om det var noko vind, så gjorde det ikkje noko. Bratt opp skaret, ellers ein lettgått tur.
