Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Hisåsen
- Dato:
- 27.05.2015
Vi kjørte kystvegen frå Lillesand mot Grimstad, og tok av mot Vatne. Parkerte ved bomvegen. Bommen sto oppe, men av tidligere erfaringer så kjørte vi ikkje inn der det er låsbar bom. Fin veg innover, og ved Vassdalen trefte vi ein som planta skog. Dette var tidliger skogeier (pensjonist), og han fortalde bl.a. at like bak oss hadde det vært take ut kleberstein. Vi fann stigen som Knut Sverre hadde lagt inn og kom oss greit til topps. Stor flott varde, og havutsikt idag. Eva var med. Den 27.04.2007. var eg og Olav Skattebu på same toppen, men den gongen fann vi ikkje stigen opp, så det var noko klundresamt. Men vi fann stigen nedatt huksar eg.
Store Valefjell
- Dato:
- 27.05.2015
Kjørte opp til Dammane. Vi fann grei traktorveg/stig opp til høgde 313, men derfrå vart stigen burte så det var litt meir klundrasamt å finne leia, men vi kom då opp. Fin varde og stødig kasse med bok. Returen vart ikkje stort bedre, men fann att stigen litt nedafor høgde 313. Eva var med. Den 24.10.2006 hadde eg og Olav Skattebu same turen, men eg huksar att vi fann ikkje nokon god lei opp den gongen.