Nydeleg topptur til Mjølkedalstinden- via sør renna (05.09.2014)
Skrevet av knutsdotter (Ingrid)
Startsted | Eidsbugarden (1065moh) |
---|---|
Sluttsted | Eidsbugarden (1065moh) |
Distanse | 27,0km |
Høydemeter | 1073m |
Kart |
![]() |
Bestigninger | Mjølkedalstinden (2138moh) | 05.09.2014 |
---|
Eg og Atlas, ein smekker flott Berner Sennen, tok sikte på Mjølkedalstinden denne dagen. Start ved Eidsbugarden og full fart mot Store Mjølkedalsvatnet. Det synte seg å verta ein fabelaktig flott dag for topptur i Jotunheimen - vindstille, sol og eit snev av haust.


I underkant av to timar var vi ved stiskille til Olavsbu og Skogadalsbøen ved Snøholsvatnet og Mjølkedalstjørni. Her tok vi rake vegen mot pkt 1843 og vidare mot foten av fjellet som openberra seg.

Svært mange inntørka tjørn og lite snø gjorde hunden mindre begeistra. Fekk raskt lokalisert renna på sørsida som ser noko ugjestmild ut frå dette nivå. Oppover ura gjekk det raskt men ettersom det vart i brattaste laget takka turfylgjet mitt for seg ved 1950 moh og sette seg ved standplass og passa sekken. Då var det berre å angripa den formfulle toppen.

Utsikten var pittoresk og spektakulær.





Mangt kan seiast om ein slik dag og tur, best er det å vera tilstades. Returen gjekk raskt ned att renna og vart mindre problematisk enn forventa. Turkompisen min venta med ualminneleg stor entusiasme.
Så vart det god gang på beina til Eidsburgarden. Ved Tjørn 1436 overraska vi eit par turtelduer i telt som endte med latter, flir og ein fin liten kaffipause!
Kommentarer