Småløyptene-Rausnes (25.09.2014)

Skrevet av JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Startsted Småløyftene (1300moh)
Sluttsted Geithus (40moh)
Turtype Fjelltur
Distanse 8,4km
Høydemeter 94m
GPS

Haustturen starta i 1300 m høgde vest for Småløyftvatna. Det var snødriv i lufta og skydekket låg ned til 1100 meter. Me runda Eldegardsnosi på vestsida og fylgde hellinga før me la kursen nord-vestover mot Vardenosi. Etter det, kunne me skimta høgspentlina 1220 moh. Me kom fram til øverste jakthytta på 1075 m der det smakte godt med niste og kaffi.
Turen heldt deretter fram til den nedste jakthytta. Her vart det ein lengre pause, før me la turen ned fyrst etter Geithusli og seinare vestover til Geithus.
Med på turen var Egil, Egil Jørgen, Bjørn og Jonny.

Føremålet med turen var ei form for skattejakt utan å røpa noko meir.
Me fann "skatten" og fekk han velberga i hus.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.