Storevardhaugane (28.09.2014)
Skrevet av SÅH (Sven-Åge Hauge)
Bestigninger | Storevardhaugane (92moh) | 28.09.2014 |
---|
Opptur Askøy og Sotra
Oppturer på Askøy og Sotra
28.09.14. Regnfull søndag, men me må ut og lufte oss. Me tok turen til Askøy for å besøke nokre fleire av toppane i lista Opptur Hordaland. Det regna kraftig når me kjørte heimifrå men det skulle letta utover dagen.
Oksneskletten:
Me kjørter nord på Askøy og tok av til venstre mot Skråmestå og fortsatte ca 1 km mot Oksnes. Her var det merka tursti med eit skilt. Det viste seg at denne stien gjekk opp til ein knaus ca 260m nord for Oksneskletten. Me gjekk herfra rett mot Oksneskletten. Det var litt kronglete bort til toppen og vått og sleipt på berga. Tilbake fulgte me kanten på vestsida av toppen før me dreide nordover til bilen. Også her var det litt kronglete og svært glatte berg. Ein kort tur i vått terreng uten sti. Me kjørte ein tur ut til Herdla før me tok sørover til neste topp.
Storevardhaugane:
Ca 1,4km sør for Fauskanger var det ein liten parkering på venstre side av veien der kor stien starta. Her var også eit info skilt. Det var ganske bløtt i dag, men ellers fin sti heile veien. Stien går i forholdsvis tett granskog og når stien deler seg var det greit å ha gps for å sikre at me tok rett vei. For oss vart det meir sopptur enn opptur. Det var store mengder flott piggsopp inni granskogen her. Me hadde ingen sekk og ingen poser men tok med oss det me fekk plass til i jakkelommer og hendene. Me satte os si bilen og fortsatte sørover mot neste turmål.
Dronninga:
Me kjørte til Ramnanger, og tok av til venstre ca 350m etter statoil stasjonen. Me fulgte veien oppover igjennom nokre boligfelt til veien gjekk over til traktorvei og enda inn på eit område(parkering). Herfra var det skilta mot Dronninga. Det gjekk traktorvei nesten heilt opp. Først kom me opp til Dronninga. Navnet dronninga kjem av ei stor gammel furu som hadde stått her. Her var det og bord og benker og det gjekk stier ut til fleire utkikkspunkt. Me fortsatte i sørlig retning mot toppen. Det var merka mot utkikkspunkt ut til toppen. Me fortsatte sørover over toppen på godt merka sti mot Ramnanger og kom ned igjen på traktorveien. Tilbake i bilen fant me ut at me også ville ha med oss Spjeldfjellet på Sotra. Denne toppen står også på lista Opptur Hordaland er den siste eg mangler på Sotra/Øygarden.
Spjeldsfjellet:
Me kjørte til Knappskog og fortsatte nordover over brua og parkerte ved busslomme på venstre side ca 650m etter brua. Ca 100m fra busslomma NV langs hovedveien starta stien opp mot toppen. Denne var ein del av Nordsjøløypa. Fin sti opp til toppen. Flott utsikt.
Bilder:http://www.utifriluft.com/Fotturersommar/Opptur-Askøy-og-Sotra-280914/
Kommentarer