Galdebergtinden (04.10.2014)

Skrevet av knutsdotter (Ingrid)

Startsted Eidsbugarden (1070moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 30min
Distanse 20,2km
Kart
Bestigninger Galdebergtinden (2075moh) 04.10.2014

Turen starta frå Eidsbugarden i relativt fint ver, toppen var iallefall synleg. Fint og lettgått terreng opp til bru over Høystakkane og vidare oppover til sørsida av Uksedalshø. Frå Uksedalen hadde vi endå god sikt og kunne skimte to karar på veg oppover fjellryggen nærmare Bygdin. Vi tok sikte på nordvestryggen.
På ca 1700 kom tåka svært raskt og det vart litt ugjestmildt i det brattaste partiet. Is, snø og klyving oppover. Traff også eit turfylgje med tre jenter på veg ned. Etterkvart vart det heilt kvitt så GPS vart brukt opp mot toppen.

knutsdotter_2014-10-04_15.43.13.jpg

Det var i grunn berre å returnera og vi valde å gå lenger mot sørvest der ein finn enkelte vardar. Vi såg også spora til gutta boys som hadde snudd og gått ned før toppen. Så fann vi den lengste snørenna og rutsja i kanonfart nedetter. Vanvittig effektivt og utruleg artig. Jentefylgjet tok vi raskt att og slo av ein liten prat. Etterkvart kom det godt med regn og skikkelege vindkast så vi trava lett langs Bygdin og mot Eidsbugarden.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.