Sålekinna og Blåkletten (30.09.2014)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Bestigninger | Blåkletten (1295moh) | 30.09.2014 |
---|---|---|
Søndre Blåkletten (1204moh) | 30.09.2014 | |
Nordre Sålekinna (1595moh) | 30.09.2014 | |
Sålekinntoppen (1591moh) | 30.09.2014 |
Gjekk frå Øversjøen på sti oppover langs nordsida av Store Gravdalsbekken. Stien vert utydelig over ca 1200 moh, men det vanlige tråkket går opp på sørtoppen som visstnok vert oftast besøkt av lokalbefolkningen. Eg gjekk fyrst opp på nordtoppen som er den høgaste ifølge nye kart. På eldre kart står det visstnok 1585 på denne toppen. Fint ver, men det skya gradvis til frå vest utover dagen. God utsikt austover og såg snødekte topper i Sylane og Skardørsfjella. Gjekk så videre til sørtoppen som har stor varde med bok. Så gjekk eg ned søraustover og forbi Kinnbua og over dei to Blåklettene til Digerkletten som bare er et lite høgdedrag. Herfra ned til Øysætra og fulgte vegen ned til Fv 26. Hadde lagt frå meg ein sykkel her så eg kunne sykla tilbake til Øversjøen. Ca 8t rundtur.
Kommentarer