Stjerneklart og hærleg topptur på Tindefjellet (09.01.2015)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Berg (310moh)
Sluttsted Berg (310moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 3t 00min
Distanse 8,5km
Høydemeter 845m
Kart
Bestigninger Gygraklovet (748moh) 09.01.2015
Tindefjellet (1083moh) 09.01.2015

Dårlege meldingar framover dei neste dagane. Mykje fin nysnø og gode forhold, då prioriterer eg virkeleg ledige stunder til sånne fine naturopplevelsar. Det vart ein fantastisk tur litt seint etter jobb, men så pass at vi fekk med den rosa og blålilla timen innover Jølsterfjella og breen. Nydeleg stjerneklar himmel til topp`s Såg bål på toppen av Sandalsfjellet, og fleire med hodelykter rundt om i fjellsidene. Stabilt og nydeleg skiføre ned att til bil, hadde ein hare framom meg i lange stunder nede i skogsområdet, trur han var litt stressa stakkar...tilslutt forsto han at det gjekk å ta eit høgrehopp!! Det var igrunn eit fornøyeleg og eit litt komisk syn :)

eikås_img_2800.jpg
eikås_img_2803.jpg

Kjempefin tur ilag med Brit Siv Fimland og Marion Lexau Nødset

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.

Annonse