Urddalsknuten (14.02.2015)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Bestigninger | Søra Skurveheia (1038moh) | 14.02.2015 |
---|---|---|
Urddalsknuten (964moh) | 14.02.2015 |
Sykla 2 km frå folkehjelpshytta i Lyngsheia til bommen ved Åsevegen. Derfrå gjekk eg på ski til demningen på Lyngsvatnet og så over vatnet opp til Urddalsknuten. 3 cm nysnø gjordre skiføret veldig greit, men over ca 800 moh var det avblåst og istete så eg måtte bære skia det siste stykket opp til toppen. Litt inneklemt topp så utsikten var ikkje allverdens. Rant så ned mot Middagstjørna og gjekk opp Austmannsskardet og opp på Søra Skurveheia frå austsida. Frå denne toppen rant eg ned sør- og vestover og kom ned til Lyngsvatnet i tide før det blei heilt mørkt. Så var det reine autostradaen tilbake til demningen og ned til songesandvegen.
Kommentarer