Etter litt luring og prat med forbipasserande parkerte eg ved samfunnshuset i Løvika. Det kom ein annan bil samtidig, det viste seg å være ei dame som skulle på Litlevassheia! Det var vei nesten til topps, mykje lenger enn kva som er teikna inn på kartet. Meget gledelig sidan eg hadde grua meg for skogstrakking på denne. Oppe ved ei hytte rett under toppen runda vi og bratt opp til høgre. Kasse og bok på toppen, flott utsikt mot Tustna. Nede ved bilen etter ein lett tur vart eg og Vinjar bedt på kaffi og mat i hytta hennar. Vinjar drakk sjølvsagt ikkje kaffi men fekk middagen sin. Tilbodet om ein dusj vart og mottatt med glede.
Kommentarer