Surnadal: Sandfjellet (20.04.2015)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Demninga (430moh)
Sluttsted Demninga (430moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 1t 19min
Distanse 5,6km
Høydemeter 460m
Kart
Bestigninger Sandfjellet (890moh) 20.04.2015
boven_20150430_5542870fe032c.jpg

Vi parkerte rett over demninga. Snøen låg i stor mengder rett inntil veien så her var det berre å spenne på seg skia. Eit par stk hadde vore oppover i går sannsynlegvis, så det var berre å følgje spora. Slak og enkel tur som eigna seg glimrande med bæremeis. Mast og bu på toppen, kasse og bok på austveggen av bua. Ein del vind på toppen, men blå himmel og sol. Pga vinden vart det ein kort toppvisitt. Reiv av fellene og glei utfor første kanten. Gapskratting bak i meisen. Legendarisk styresløsh gjorde at eg kunne sette kjappe fine svingar nedover til stor glede for han bak på ryggen. Folddalen er eit glimrande utgangspunkt for turar, her kjem vi tilbake.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.

Annonse