Plukka opp Lise og Geir Arne på Hyllbakkan og kjøyrde til Surnadal alpinsenter. Dei hadde gått runda Vindnebba, Strengen, Syltnebba. Eg var meget rastlaus og valget vart å sjekke ut Vindøldalen og Bollen. Geir Arne var med etter litt handling og ompakking. Ved bomen såg vi Bollen så vidt og det tetta seg veldig til i høgda. Geir Arne kom med trikset "Stein tar aldri feil" Eg valgte handa med stein i, noko som betyr godt ver og suksess. Parkerte der sommarruta over Bollen starta og la i vei. Passerte nokre jervespor som holdt på å snø igjen. Såg lite i snødrevet og sjølv Krokfoten var begynnt å tvile på den steingreia på vei oppover. Nokre minutt før toppen såg vi sola så vidt gjennom skyene og iløpet av få minutt fekk vi ei fantastisk kveldsoppleving på Bollen. Topp etter topp kom til syne i eit lekkert lys. "Stein tar aldri feil" sa Geir Arne medan han plasserte seigmannen i varden. Småmorsom nedkjøyring sjølv om det var delvis lite snø. Dagen etter våga vi ikkje ta det steintrikset.
Kommentarer