Stølsmaradalstinden ++ (14.05.2015)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Tindeveg/Ringsbotn (980moh) |
---|---|
Sluttsted | Tindeveg/Ringsbotn |
Turtype | Randonnée/Telemark |
Turlengde | 11t 00min |
Distanse | 18,5km |
Høydemeter | 1677m |
Kart |
Bestigninger | Austre Ringstinden (2002moh) | 14.05.2015 |
---|---|---|
Midtre Ringstinden (2025moh) | 14.05.2015 | |
Stølsmaradalstinden (2026moh) | 14.05.2015 | |
Stølsmaradalstinden Sørøst (1993moh) | 14.05.2015 |
Etter ein kjempeflott fellestur til Store Ringstind i April er det berre sånn at eg får ikkje ro i sjela før det som er "tenkt" er på plass!! Såg at Geir Arne mangla ein av toppane der og måtte berre legge inn søknad på tur så snart godvær og forhold låg til rette. Litt trøbblete start ved ankomst var eit steinras med eit 1/2 min margin...og som stengde heile vegen nede ved Fortun. Flaks at mannen i bilen rett framom var veg og bom ansvarleg for Sognefjellsvegen. Han fekk i løpet av ein 1/2 time rydda vegen og eg er berre så glad for at ingen kom under blokkene! Etter frukost og startklar kl 10.00 var det sikkert 60 stk og med hunder i alle varianter på tur opp Ringsbotnen...svært livleg i fjellheimen :) Oppe ved Ringsskar gjekk vegskillet....og det vart ganske så stille og roleg mot Stølsmaradalstinden.
Etter å ha beklaga meg opp heile Ringsdalen over forkjøling og tungpust....måtte eg prøve å tenke litt på turfølget mitt og kor vanvittig bra det meste eigentleg er!! Så mitt favoritt ordtak kverna rundt medan eg synest synd i meg sjølv der eg stampa oppover bratta! "Det er det Dårlege som Gjere Det Gode Godt" Det hjalp... Vi tok sikte på Stølsmaradalstinden først, møtte ein på fjellski på veg ned som den første, han var ein samlar! På toppen var det vindstille, ein svært så fin topp er det med panoramautsikt til Austanbottstindane, den særdeles folksomme Store Ringstind og Storen ++
Etter å ha brukt ein del tid på fotografering, kom det fleire til. Geir Arne hadde fått gjort sitt rituale ...då den ein i turfølget utbraut! Er det du som er han der karen med alle seigmenn på toppane og plutseleg var vår Geir Arne ein berømt kjendis :)
Etter Austre Ringstind var kl begynt å bli sein ettermiddag/kveld og siste topp Midtre Ringstind stod att. Litt fram og tilbake, nattestenging kl 20.00 som Geir Arne skulle rekke og eg burde ha komt meg til Loen der planen var å være med Lise på 1800 moh toppar på Ramnefjellsbreen. Litt fortærande å sette at ein topp. Så vi bestemte oss for å gå den, så gode forhold og heller opp kl 05.00 for å rekke dei andre turmåla neste dag. Kl 19.30 stod vi på toppen av Midtre R og framleis vindstille og ikkje ei sjel å sjå. Siste foto seanse før vi rende ut att Ringsdalen ilag med sola. Kl 21.30 var vi komt til bilane
Takk for superfin tur Geir Arne på 2000 moh runde
Kommentarer
Hurrungane på sitt Beste :)
Skrevet av Eikås 21.05.2015 18:37Takk for fine tilbakemeldingar på rapport og bilder :) I så godt vær og forhold er det fantastisk å få oppleve indrefileen av fjellmassivet Hurrungane i Jotunheimen :) Til deg Hannah så må du sette området her på prioritet nr 1. Geir Arne skal ha æra av mange av dei situasjonsbilda som er i rapporten... Kjekt å få være med på tur av og til med ein seigmann kjendis!! Registrerte det samme som deg Ole Petter at heile Turtagrø vart omgjort til ein enorm Basecamp på kort tid og utruleg flott å sjå så mange turglade folk :)
Knallvær på toppen min jo! :
Skrevet av Øyvindbr 19.05.2015 15:43Nydelige bilder!! Sånn har jeg ikke hatt det på gode gamle Stølsmaradalstind siden 2004. De tre neste gangene ble jo rett og slett bare tull...
Åååå som jeg savner å være der under samme forhold som dere hadde!! :)
Nydelig
Skrevet av mortenh 19.05.2015 11:55Nydelige bilder.
Nydelig dag.
Holdt på å skrive nydelig fjelljente også, men jeg gjorde det ikke, gjorde jeg vel :)
Så gøy at det ikke skal mer enn noe så enkelt som seigmenn til for å bli kjendis da :)
Fortsett med slike fine rapporter!
Kjendisstatus
Skrevet av Garm 18.05.2015 21:59Den nyvunne kjendisstatusen var ikkje mykje å skryte av. Fant ut eg skulle ta ein tur til Oslo sundagen for å vise at det ikkje hadde gått til hovudet på meg og at eg fortsatt kunne menge meg med den gemene hop. Men det var ikkje EIN EINASTE EIN som bad om autograf. :(
Mine 15 minutt både kom og gjekk oppe på Stølsmaradalstinden...
Fine bilder
Skrevet av Olepetter 17.05.2015 13:58fra en flott tur. Det var utrolig mye folk i området rundt Turtagrø den kvelden, og det var satt opp telt nær sagt overalt.
Tittel mangler
Skrevet av hmsv1 17.05.2015 07:04For en fantastisk dag i Hurrungane og fine bilder du har lagt ut! Er veldig misunnelig - jeg har fortsatt IKKE ordnet meg en tur til Hurrungane enda. Takk for påminnelse om hvor flott dette området kan bli!