Rindal: Skåkleiva (15.06.2015)
Skrevet av boven (Ove Lotsberg)
Startsted | Brønstadøyan (160moh) |
---|---|
Sluttsted | Brønstadøyan (160moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 2t 21min |
Distanse | 9,8km |
Høydemeter | 640m |
Kart |
Bestigninger | Skåkleiva (786moh) | 15.06.2015 |
---|
Vi kom frå overnatting på campingplass i Surnadal. Planen var å rydde reint lave toppar nord i Rindal. Starta med Skåkleiva frå Brønstadøyan. Stien startar nær hovedveien. Det er muleg å parkere eit par bilar langs eit gjerde inn mot veistasjonen. Der står ei stor tavle...Tursti til Skåkleiva... med litt info. Bruk augene godt, vi kjøyrde forbi den. Forferdeleg surt ute så det vart ein skikkeleg lunch i bilen før vi våga oss ut. Gjekk over eit gjerde og fulgte merkinga oppover. Når vi kom opp til der innmarka/beitet slutta gjekk merkinga langs eit gjerde til skogsveien. Det er mykje kjekkare å gå den gode stien som startar der og går langs heile elvagjelet opp til der veien sluttar. Vi kom ned langs elva. Om du skal til Skåkleiva denne ruta så gå langs elva! Ved Bjørnåssetra såg vi toppen og nysnøen som låg godt nedpå. Utruleg, vi skriv midt i juni! Fulgte godt merka sti til topps, lett å finne fram. Kjappt besøk på toppen, foto og signering i boka. Returnerte samme vei, men tok no altså stien nedover istaden for den trasige veien. Vidare til Furuhaugmarka og Tifjellet.
Kommentarer