Rindal: Tuva (17.06.2015)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Parkering Fossdalen (415moh)
Sluttsted Parkering Fossdalen (415moh)
Turtype Fottur
Turlengde 1t 21min
Distanse 6,0km
Høydemeter 290m
Kart
Bestigninger Tuva (687moh) 17.06.2015
boven_20151123_56536a25c0b6d.jpg

Vi kom til Fossdalen kvelden før, og fekk Gråurfjellet som 2 soloturar utan Vinjar. Overnatta ved det store skiltet "Rindal Bygdemuseum". Her var det veldig roleg og fint å stå. Etter frokost kjøyrde vi inn dalen til veidele ved Stormyra. Parkerte på stor og fin parkeringsplass. Gjekk veien vidare nordover mot Møkkelgardsetra og tok av til høgre austover nokre myrete parti. Etter kvart svinga stien av meir i retning Tuva. Denne ruta er merka og det er lett å finne fram. Vinjar sov godt på toppen. Vi hadde ikkje behov for noko voldsom matpause, så snudde snart nedover igjen. Såg over mot Ruten. Var ikkje klar over at vi faktisk skulle kome oss på den toppen i dag, men det gjekk radig unna utover ettermiddagen. Lise og Vinjar kjøyrde bubilen til Lomundsjøen og venta medan eg tok ein kjappis til Byåsen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.