Skjorta frå Førde (08.10.2015)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Kraftverk Førde (71moh) |
---|---|
Sluttsted | Kraftverk Førde (71moh) |
Turtype | Fottur |
Distanse | 12,2km |
Høydemeter | 1401m |
Kart |
Bestigninger | Skjorta (1472moh) | 08.10.2015 |
---|
Eigentleg var planen idag å få avspasere dei to siste timane ifrå jobb, for å ta ein tenkt løpstur til Storehesten 1209 moh og Blægja 1304 moh. Det meste skjer på jobb når ein har sånne tankar og det var også meldt noko meir regn i ytre. Så då vart det med plan B å gå ifrå Førde, ei ny rute frå den alternative som eg brukar ved å starte frå E-39 via Helgheim og Vasskaret. Nydelege haustfargar mellom bratte fjell og fint turver, sjølv om det såg litt truandes ut med regn. Følgde delvis kraftvegen og sti i raset opp ved den tørrlagde Nydalselva. Bratt oppstigning men heilt supert å få raske høgdemeter.
Fin tur, nesten vindstille på toppen og to regndråpar!!!
Fin tur, nesten vindstille på toppen og to regndråpar!!!
Kommentarer