Galdhøpiggen frå Spiterstulen (10.07.2014)
Skrevet av Hommpbollen (Tor K. G.)
Bestigninger | Galdhøpiggen (2469moh) | 10.07.2014 |
---|---|---|
Keilhaus Topp (2355moh) | 10.07.2014 | |
Svellnose (2272moh) | 10.07.2014 | |
Andre besøkte PBE'er | Spiterstulen (1106moh) | 10.07.2014 |
Hadde fått overtalt kona om at Galdhøpiggen var plassen å vere.
Vi kom til Spiterstulen ut på dagen frå Oslo og starta å gå ca. kl. 12 på dagen. Ganske bratt i starten og kona lurte på om vi var komne fram snart. Lite visste ho om at vi måtte over to toppar for å kome til sjølve piggen. Meir og meir surmuling, og etter Keilhaus topp måtte eg ta i bruk gode overtalingsevner for å få ho til å gå vidare. Det hjalp ikkje på at eg hadde gløymt igjen halve nista.
Vi var hôlsvoltne når vi endeleg kom opp i ettermiddagstida, og eg minnast at eg kjøpte 2 kvikklunsjar, to solo (boksar) og to pølser i lompe for å døyve svolten. Det kosta vel ca. 350 kr,-! Passe idiotisk å spørje om han tok kort, men karen var snill og lot meg overføre pengar når eg fekk dekning. Topp service! Elles forsvant skyene og vi fekk nydeleg utsikt.
Lang og tung tur ned og vi var nede ca. kl. 21. Da smakte det godt med ein dusj og ein øl.
Kommentarer