Varm tur til Ifach i Calpe (10.07.2016)

Skrevet av Grykem (Gry-Elisabeth Lillenes Kempton)

Kart
Bestigninger Penon de Ifac - Calpe (332moh) 10.07.2016
Grykem_20160806_57a5c21ea8191.jpg

Denne fjelltoppen er eit landemerke i Calpe og vi tenkte den kunne vere eit fint turmål på ein søndagsføremiddag. Du startar frå parkeringsplassen ved foten av fjellet. Når ein skal starte på sjølve fjellet, er der ein tunell som leier ein tilbaksida. Denne var delvis stengd grunna oppgraderingsarbeid, men det gjekk fint å kome seg forbi. Vi hadde litt vanskar med å finne stien nokre plassar, men det gjekk som regel greitt. Berget er ganske glatt, så det er viktig å ha gode sko. Vatn og solhatt er også eit must. Det bur masse måsar på heile fjellet, men dei gjorde ingen harme. Det er ikkje berre måsar på fjellet, på toppen var det og to kattar. Vi synest så synd på dei, at vi delte niste og vatn med dei.
På toppen har ein fin utsikt over Calpe.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.