Familietur til Store Skoddebotntinden (27.08.2016)
Skrevet av Hommpbollen (Tor K. G.)
Bestigninger | Bukkanosi (1674moh) | 27.08.2016 |
---|---|---|
Store Soleibotntinden (2083moh) | 27.08.2016 | |
Andre besøkte PBE'er | Soleibotnen parkeringslomme (1222moh) | 27.08.2016 |
Mykje er sagt og skrive om den fantastiske utsikta på Store Soleibotntinden. Eg hadde difor sett fram til denne turen lengje.
Eg, far (Arnold) og bror (Eirik) sette av garde frå parkeringsplassen og gjekk beine vegen over Bukkanosi og vidare oppover. Stien kom og forsvant litt i steinrøysa, men så lengje ein følgde ryggen gjekk det utan problem.
Likevel var det ein god del våte og sleipe steinar, og hunden måtte difor berast eit stykke. For å seie det slik: dette var ikkje noko særleg til tur for ein liten hund.
Etter ein del strev kom vi opp på toppen og vart krona med NULL utsikt i tåkehavet.
Takk fan for kvikklunsj!
Kommentarer
Vurdering av turen
Skrevet av Argok54 29.08.2016 21:38Biletet er oppstilt. Smila er sikkert falske.
Snusen smiler ikkje!
Når det er sagt så var det likevel ein hyggeleg tur. Ingen vart sure og vi hadde mange interessante diskusjonar.