Store Smørskredtinden - Vestegga (16.09.2016)
Skrevet av Fjellfisken (Lisa)
Bestigninger | Store Smørskredtinden (1631moh) | 16.09.2016 |
---|
Gjekk Vestegga frå Skylstad. Hadde med tau, hjelm, stegjern og isøks - just in case. Det viste seg å vere unødvendig, sjølv om hjelmen var grei å ha på Vestegga, mest fordi vi var sju stykk og det er ein del lause småsteinar i råsa.
Første etappe gjekk frå Skylstad til Patchellhytta. Nokre i turfølgjet kom frå Stranda, så det var naturleg å gå heilt til hytta. Hadde alle gått frå Skylstad hadde vi nok sikta oss inn på Vestegga tidlegare. Frå Patchell var det uproblematisk å gå i ura opp mot Vestegga, men her er det ingen markert sti. Dei siste 500 høgdemetra opp til toppen via Vestegga er merka med vardar. Denne vegen kan for nokre verke litt utfordrande, men her gjekk det veldig greitt, og vi brukte ikkje tau. Det var nokre få klatreopptak og nokre stader var underlaget vått sidan sida er nordvendt. Vi mista stien eit par plassar, men det gjekk stort sett greitt å orientere seg etter terrenget og vardane. Dei siste 50 høgdemetra er enkle.
Toppen har ei fantastisk utsikt, og ein skjønnar kvifor Slogen av nokre vert kalla lillebror til denne toppen. Vi var usikre på om vi ville trenge tau ned Vestegga, så vi valde å gå ned Langfonndalen/Ryssdalen ned att til Skylstad. Det var litt utfordrande å finne rett renne ned frå Smørskredtinden, då ingen av oss hadde gått denne vegen før, men stien var tørr og fin i motsetnad til Vestegga. Vi sikta oss inn på ein snøflekk der vi hadde sett folk gå ned tidlegare på dagen.
Stien langs elva og ned skogen til Skylstad er vanskeleg å finne. Det er viktig å halde seg på høgre side (vestsida) av elva og litt i høgda fann vi ut (etter mykje kaving i krattskog). Dei siste to km går på mark og bilveg.
Kommentarer