Bukkeholstraversen (17.09.2011)

Skrevet av SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Kart
Bestigninger Midtre Bukkeholstinden Vest (2135moh) 17.09.2011
Midtre Bukkeholstinden Øst (2154moh) 17.09.2011
Nørdre Bukkeholstinden (2149moh) 17.09.2011
Nørdre Bukkeholstinden Ø1 (2090moh) 17.09.2011
Store Bukkeholstinden (2213moh) 17.09.2011
Søre Bukkeholstinden (2058moh) 17.09.2011
Vest for Søre Bukkeholstinden (2015moh) 17.09.2011
Sørøst for Store Bukkeholstinden (2045moh) 17.09.2011
Bukkeholstinden V1 (2166moh) 17.09.2011
Bukkeholstinden V2 (2166moh) 17.09.2011
Bukkeholstinden V3 (2161moh) 17.09.2011
Nordøst for Bukkeholstinden V3 (2090moh) 17.09.2011
Bukkeholstinden V4 (2166moh) 17.09.2011
Ø1 for Søre Bukkeholstinden (2050moh) 17.09.2011
Ø2 for Søre Bukkeholstinden (2035moh) 17.09.2011
Ø3 for Søre Bukkeholstinden (2005moh) 17.09.2011
Bukkehøe (2314moh) 17.09.2011

Bukkeholstraversen

Bukkeholstraversen har eg tenkt på lenge men vær og tid har gjort at eg mest hadde avskrevet turen i år. Når eg fredag morgen sjekka værmeldinga og det låg an til eit nydelig vær i Jotunheimen lørdag kom naturligvis tankane om denne opp igjen. Søndag var ikkje meldinga noko god så eg grubla litt på korleis eg skulle rekke å gjennomføre dette. Etter arbeid fredag vart det lagt ein ambisiøs plan. Eg og Aina bestemte oss for å kjøre heimifrå ved midnatt fredag kveld, gå turen for deretter å kjøre heim igjen på direkten. Det låg an til ein skikkelig maraton tur.
Kl 2400 satt me i bilen og kl 0515 stod me parkert ved Leirvassbu. Me hadde tatt med kvar vår sykkel som var lagt av der me regna med å komme ned igjen. Etter ein ”God Morgen” youghurt var det berre å traske i vei innover mot Kjyrkjeglupen. Det var -2 ⁰C, vindstille og stjerneklart. Det låg an til ein nydelig dag. Det var fint å traske dei 7km inn til foten av Søre og sjå at sola etter kvart begynte å kaste lys på dei høgaste toppane. Når me gjekk frå bilen valgte eg å legge igjen speilrefleksen og heller ta med eit mindre(men dårligare) kamera. Det angra eg på resten av turen.
Me skrådde oppover og snart var me på ryggen. Me holdt oss på ryggen og snart var me på topp(140.0) Søre Bukkeholstinden 2058m. Me fortsatte til topp (140.1) Vest for Søre Bukkeholstinden 2015m og vidare til (46.0) Store Bukkeholstinden 2213m. Her vart det ein kort matpause.
såh_bukkeholstraversen_127.jpg
Når me skulle fortsette og Aina såg veien vidare vart ho litt skeptisk, men det gjekk greit. Når me kom til Bukkeholstinden V1 2166m fekk eg lyst til å ta turen ut til Nørdre Bukkeholstinden 2149m. Aina satt igjen og venta og eg la sekken igjen. Dette skulle ikkje ta lang tid. Når eg først var komt ut der fortsatte eg til topp (87.1) Nørdre Ø1 2090m. Her burde eg snudd, men fortsatte ned i hakket før topp(87.2) Nørdre Ø2. Her var ein bratt hammer og no skulle jo all fornuft tilsei at eg skulle snu, men den gang ei. Eg klatra forsiktig oppover og prøvde heile tida å klatre samme flytta ned igjen. Når eg var under 2m fra toppen seira fornuften og eg snudde. Eg var ikkje lenger sikker på om eg ville klare å klatre ned igjen om eg gjekk ut på toppen. Det visa seg snart at det vart utfordrande nok å komme ned herifrå. Eg var letta når eg igjen stod nede i hakket. Det vart nærmast jogging opp igjen på Nørdre og tilbake til V1 der Aina var rimelig lei av og venta. Dette hadde tatt ein time og 15 min. Me fortsatte til topp(74.0) Bukkeholstinden V2 2166m og (74.2) Bukkeholstinden V3 2161m og tok med oss topp(74.3) Nordøst for Bukkeholstinden V3. Me fortsatte til topp(18.1) Bukkeholstinden V4 2166m. Aina var ikkje klar for å klatre vider opp mot Bukkehø og me bestemte oss no for å avslutte turen og la Bukkehø 2314m ligge til ein seinare anledning. Me traverserte vestover fra Vakkerbandet og runda fortoppen sør for Bukkehø. No var planen å gå nordvestover og følgje ryggen fra Bukkehø ned igjen. Når me snur oss og ser oppover kan me så vidt skimte toppen av varden på Bukkehø. Då var det gjort, me starta på motebakken opp igjen mot topp (18.0) Bukkehøe 2314m.
Bukkehøe
Bukkehøe
På returen fulgte me kanten ned igjen til fortoppen over Vakkerbandet og deretter nordvestover igjen og fulgte ryggen fra Bukkehø nedover. Når me kom ned til elva(Søre Illåe) var me heldige og kom lett over. No var det berre å runde Sauhøe og ned til syklane.
Sporlogg GPS
Sporlogg GPS

Me var nede med syklane kl 1810 og no kjentes turen godt i beina. Ved syklane hadde me lagt igjen litt brød og makrell i salsa. Det smaka utrulig godt. No gjenstod kun 7km på sykkel opp igjen til Leirvassbu. Sjølv om det ikkje er ekstremt bratt oppover her kjentes det som det skulle ta fyr i låra. Me var fornøyd når me nådde parkeringsplassen. No var det berre å stikke innom Leirvassbu og hive innpå nokre kopper kaffi før me tok fatt på bilturen heim att. Me visste at det ikkje var noko åpen bensinstasjon før Voss og det var 2 trøtte personer som svinga inn på YX 3,5 timar seinare og bestilte bacon burgar. Her vart det pause med mat, kaffi og litt kvile før me tok fatt på siste stykket heim. Me parkerte i tunet kl 0210 etter 27 timar på tur.
Heile turen frå Leirvassbu til me var tilbake til Leirvassbu tok 13 timar og 50 min og me hadde då gått 24km og sykla 7km.

såh_skyer_over_stetinden_kompr.jpg

Bilder: http://www.utifriluft.com/2000mtoppersommarogvinter/Bukkeholstraversen/19082244_4KhwDD#1484753331_9G96dMT

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.

Annonse