Skauthøerunde (17.03.2012)
Skrevet av Garm (Gal Krokfot)
Bestigninger | Leirhøe (2330moh) | 17.03.2012 |
---|---|---|
Leirhøe Nord (2077moh) | 17.03.2012 | |
Leirhøe Sør (2110moh) | 17.03.2012 | |
Store Memurutinden Vesttoppen (2365moh) | 17.03.2012 | |
Nord for Store Memurutinden Vesttoppen (2264moh) | 17.03.2012 | |
Skauthøe (1993moh) | 17.03.2012 | |
Spiterhøe (2033moh) | 17.03.2012 | |
Nordøst for Spiterhøe (2009moh) | 17.03.2012 | |
Veobreatinden (2183moh) | 17.03.2012 |
Yr.no hadde varsla brukbart vær så da var helgeplanlegginga enkel: Jotunheimen. Martine & Signar hadde sett seg ut Spiterhøe og Leirhøe og siden eg mangla båe vart ruta raskt lagt.
Avtalte oppmøte ved innkøyringa til Visdalen 08.15 og siden eg ankom i svært god tid vart det ein liten dupp i bilen. Vakna av ein Q7 ”wannabe” bil som tuta på meg og så var det berre å henge seg på innover Visdalen.
La iveg frå Spiterstulvegen litt før ni og så var det rett på den velkjente slitet med å forsøke å henge på M&S oppover bakkane.
Turen inn mot Skautflya gjekk unna i ein fei før vi svingte av kvistaløypa og rett opp mot Skauthøa frå Skautkampan. Med sola i trynet og hardt skareføre kom vi oss etterkvart opp på Skauthøe. Drøya ikkje lenge der men fortsatte videre til Nordaust for Spiterhøa der vi tok ein kjapp matbit. Litt lengre borti gata venta rette Spiterhøa men sur vind gjorde ikkje opphaldet der noko triveleg.Ferda gjekk videre mot Leirhø utan pauser. Svingte kjapt innom Leirhøe Nordtopp før vi gjekk laus på bakkane videre.
No stod det att omlag 350 høgdemeter opp til Leirhøe og med 1100 høgdemeter bak oss var ikkje kroppen min heilt på høgde... M&S derimot køyrte ufortrødent på. Nokre infarkt seinare kunne eg nyte litt mat i sola på toppen av Leirhøe. Glittertind, Memurutinder, Veotinder og Urdadalsryggen bada i sol mens resten av Heimen var dekt av skodde.
Veotinden og Nord for Store Memurutinden Vesttoppen (interessant navnvalg) var blitt lagt til visittlista iløpet av dagen og no gjekk turen videre ned ei skakk side frå Leirhøe og over Veobrean.Plukka med oss Sørtoppen til Leirhøe på vegen. På turen ned frå Leirhøe såg den kjedeleg og ubetydleg ut men eg vart positivt overraska når eg entra topp-punktet og såg rett ned stupet på andre sida. Fekk så vidt tid til eit par bilete her før M&S hasta videre.
Parkerte skia i skaret mellom Veotinden og Nord for Store Memurutinden Vesttoppen før vi trakka opp på Veotinden. Tok ei rask fotoseanse på toppen før vi vendte oss mot Nord for Store Memurutinden Vesttoppen. Her var det litt brattare opp og litt meire snø. Eg og Signar meinte steggjern kunne være greit å ha men Martine såg ikkje noko poeng i det. Det vart til at vi motvillig droppa steggjerna og luska etter opp sida. Ikkje overraskande viste det seg at steggjern kunne vært kjekt å ha oppover men det gjekk såvidt å sparke spor med skiskoa.
Vel oppe på Nord for et cetera et cetera reiste også Store Memurutind Vesttoppen seg som eit opplagt mål. Som sagt så gjort og dermed kunne vi føye ein ordentleg kremtopp til lista over dagens erobringer.
På veg attende til Nord for Store Memurutind Vesttoppen kom skodda seglande og dekte oss. Trakka nedatt til skia og køyrte breen utatt mot Skautflya. Tok oss ned på austsida av Veobrean 1964 toppen før vi fulgte stikkaløypa nedatt til Spiterstulvegen og bilane våre.
Kommentarer