Punkt på Midtre Folgefonna (24.03.2012)

Skrevet av SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Startsted Jondal (813moh)
Sluttsted Murabotn (188moh)
Turlengde 24t 00min
Distanse 62,5km
Høydemeter 2944m
GPS
Bestigninger Punkt på Midtre Folgefonna (1573moh) 24.03.2012
Punkt på Nordre Folgefonna (1644moh) 24.03.2012
Punkt på Søndre Folgefonna (1638moh) 24.03.2012
Punkt på Søndre Folgefonna (1662moh) 24.03.2012
Rusta (951moh) 24.03.2012

Folgefonna på langs over nordre, midtre og sørfonna den 24-25 mars 2012.

Folgefonna på langs har me snakka om fleire år, men det er ikkje blitt prioritert. Etter at eg starta å samle på kommunetopper i Hordaland og etter kvart måtte oppom toppane på fonna var det jo greit og gå heile turen. Litt av grunnen til at turen ikkje har blitt prioritert er at eg kan styre meg for dei mest populære rutene der det ligg an til folkevandringer. Me ville derfor gjennomføre turen før sesongen er i gang for fullt. Me håpa dermed å få det meste av fonna for oss sjølv og kanskje også Holmaskjer der me planla og overnatte.

Forberedelsane starta i januar og me bestemte oss da for at helga 24-25 mars skulle settast av. Det er alltid lov å håpe på godt vær når ein planlegger tur fram i tid men sånn fullklaff som me opplevde her kunne me ikkje drømt om å få. 2 dager med sol frå skyfri himmel fra start til mål. Største utfordringa var å smøre seg ofte nok med faktor 50.

Me hadde ein ganske ambisiøs plan:
Starte heimifrå lørdag ca kl 0500, kjøre 2 biler til Gjermundshamn, parkere eine bilen og kjøre til Tørrvikbygd, ferge til Jondal kl 0740 og kjøre so langt som råd opp mot sommarskisenteret. Me regna med å kunne kjøre til Vassdalsvatnet på ca 500moh og at me måtte gå ca 6km opp til skisenteret. Me skulle videre gå over Nordre, ned til Kvitnadalen, opp på midtre og videre til Holmaskjer hytta. Dagen etter skulle me fortsette sørover fonna, over fjellryggen Rusta-Volarusta og ned i Muradalen. Der satsa me på at det var mobildekning og at me kunne skaffe taxi ut til Løfallstrand og ferge over til Gjermundshamn. Deretter var det å sette seg i bilen kjøre til Tørvikbygd, ferge til Jondal, hente den andre bilen og ferge tilbake til Tørvikbygd for so å kjøre heimover igjen.

Det var 3 smørblide fjes som satt i bilen på veg oppover mot sommarskisenteret lørdag morgen. Været var heilt nydelig og det skulle vise seg at me fekk meir å smile for. Snøfresinga av vegen opp var godt i gang og me kunne kjøre til 800moh og parkere. Kl 0850 var me klare til å gå frå bilen. Det var skare og me starta med skia på sekken. Me gjekk oppover i retning austre enden av Juklavatnet og dreide aust mot toppen når me kom heilt opp til kanten mot Juklavatnet. Været var heilt utrulig, sola strålte frå heilt skyfri himmel og ingen vind. Det var nesten for mykje av det gode og me var glade for å ha tatt med caps og rikelig solkrem. Etter 3t og 5min stod me på toppen og me hadde då tilbakelagt 7,8km. Her vart det ein god pause. Solkremen vart flittig brukt.

Sørover mot Svartedalshorga var det berre å skøyte av gårde. Me runda høyde 1472 og holdt ca 1400m, herfra går det ei fonn austover ned mot Kvitnadalen. Me diskuterte om me skulle prøve denne varianten eller fortsette sørvest mot Midtre Kvitnadalsvatnet. Me forsøkte oss austover. Det såg greit ut i starten, men vart fort brattare og det føltes ikkje heilt trygt innunder dei bratte henga som sola steikte imot. Då me hadde 100hm igjen ned i dalen bestemte me oss for å snu. Det var ikkje verd å ta nokon sjanser her. Då var det berre å ta skia på sekken og spasere 200hm og 1 km tilbake. Denne ruta er nok ingen problem seinare på året når det er mindre snø i fjellsida her. Når me kom opp igjen til 1400m fortsatte me ned mot midtre Kvitnadalsvatnet. Etter kvart dreia me aust og inn mot Kvitnadalen. Når me kom inn til Insta Kvitnadalsvatnet tok me kursen direkte mot toppen av midtfonna og kryssa oss oppover. Klokka 1805 stod me på toppen og nytte utsikten.

Det gjekk raskt sørover mot Holmaskjer og me satte kursen rett på hytta. Me kom da på vestsida av høyde 1432. Her burde me holdt kurs rett sør sånn at me kom på austsida av høyden med ein gong. Me passerte høyde 1488 og kjørte ned på høgaste punktet på breen før Holmaskjer. Det var greit å ta seg opp til hytta, litt bratt i starten men heilt greit å gå på skoa.
Me ankom hytta kl 2020 og me vart møtt i hyttedøra av ein hyggelig kar som var komt tidligare på dagen. Han var litt overaska då det kom folk so seint. Han var komt sør fra Sauabrehytta og skulle sørover igjen neste dag. Han hadde komt til ei hytte der gangen var full i snø og hadde brukt mykje tid på å spa ut og rydde opp. Hytta var og begynt å bli god og varm. Sist nokon hadde skrevet seg inn i hyttaboka var oktober 2011.
Det var godt å komme til hytta etter ein lang dag. Det vart real turmat og ei kald øl til middag. Det vart og ein liten cognac før me tok kvelden. GPS`en viste 31,6km i dag.

Neste dag vakna me til like strålande vær. Me var tidlig oppe og rakk akkurat soloppgangen. Me følte me hadde god tid og tok livet med ro. På dette skareføret vil det gå raskt bortetter og ikkje minst nedover breen. Karen som var i hytta når me kom tok farvel og starta på sin tur sørover igjen. Når klokka nærma seg 0900 begynte me å gjere oss klare, og idet me skulle sjekke gps`en oppdaga me at klokka skulle stillast til sommartid i dag. Då var klokka plutselig 1000 og me begynte å få det travelt.
Kl 1025 forlot me hytta og starta turen sørover. Turen gjekk via høyde 1662 og 1638. Her hadde me lunsjpause før me satte kursen SV mot høyde 1355. Det er 8,6km frå dette toppunktet til me er av breen og på denne etappen brukte me 46min. Det var skikkelig morro å berre stå på skia og nyte utsikten, ta pauser og fotografere for så å sette utfor igjen. Hardt skareføre og litt kuler på breeen gjorde at me ikkje kunne kjøre for fort, men me holdt eit snitt på 11km/t inkl pauser og på det meste logga me 48km/t.

Kl 1400 var me av fonna. Ruta me hadde laga før turen kunne følgjast heile vegen. Det var eit flott området og me fekk mykje fin kjøring i perfekt slusj føre. Ryggen utover mot Volarusta var og flott med nydelig utsikt. Nedkjøringa frå Volarusti mot Prestavatnet var og super. Tipper det ikkje går lenge før ein må gå til fots ned her. Me hadde skia på bort til kanten ned mot Murabotn men det var lite snø på slutten. Ned mot Murabotn på sko med ski på sekken. Me hadde med joggesko i sekken som kunne brukast her. På veg nedover hadde me planer om å ringa etter taxi, men det var ikkje dekning. Me regna ikkje med at det var dekning nede i dalen når det ikkje var her oppe i høgden og var innstilt på å gå ut Muradalen til Baroniet. Heldigvis var det dekning nede i dalen og me kunne bestilla taxi. Me ankom Murabotn kl 1815. Distansen i dag vart 30,4km på 7t og 55min. Totalt har me gått 62km desse to dagane.

Resten av turen gjekk som planlagt men måtte vente litt på ferga Jondal-Tørvikbygd. Når me venta på ferga i Jondal gjekk eg bortom Jondal hotell og Gjestgjevarstad og høyrte om det var mulig å få kjøpe noko mat. Kjøkkenet var i utgangspunktet stengt men bestyraren var av den hyggelige sorten og fant fram rundstykker, baguett, lefse og melk. Kjempe service. Me var heime ved midnatt.

Dette har vert ein heilt fantastisk tur i eit sjeldent flott vær. Flotte forhold med skare og rask forflytning på fonna og samtidig kjempeforhold for kjøring med flott slusj og ikkje minst snø lenger ned enn seinare i sesongen.

Bilder frå turen:
http://www.utifriluft.com/Folgefonnaplangs2012/Folgefonna-p%C3%A5-langs-2012/22115392_5V78Vc#!i=1765697543&k=msL9JwS

Kommentarer

  • -
    avatar

    Folgefonna på langs

    Skrevet av JørnMB 26.03.2012 21:31

    Hallo:-) må berre takke for ei kjempefin helg!

    Snakk om full klaff med valg av helg! flåtte bilder og !!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.