Galdhøpiggen (19.08.2012)
Skrevet av bergteken (Sunniva)
Bestigninger | Galdhøpiggen (2469moh) | 19.08.2012 |
---|---|---|
Keilhaus Topp (2355moh) | 19.08.2012 | |
Svellnose (2272moh) | 19.08.2012 | |
Andre besøkte PBE'er | Spiterstulen (1106moh) | 19.08.2012 |
Spiterstulen-Galdhøpiggen | 19.08.2012 |
Sprekt og huggeleg turfølgje: Åsmund, Sandra, Torstein, Mari og Marwin. Ankom Visdalen laurdag kveld. Regn. Fekk fort opp telta. Vakna til eit flott vêr, klar for å kome over 2000 meter for fyrste gong. Gjekk frå Spiterstulen kring 11. Kjente meg frykteleg tung i beina, og bakkane vart bratte og særs lange for meg. Heldigvis var Marwin like sprek som alltid. Hang godt på dei andre, var oppe på 3 timar og 28 minutt, inkl. tekniske stopp og matpause. Positivt overraska over tida. Diverre tåke på toppen, men me såg at det ikkje var langt etter sola. Innslag av blå himmel, men inga utsikt. Såg mykje frå Svellnose og delvis frå Keilhaus topp. Det gjekk raskt ned att, spesielt over snøfonnene. Nede att litt over 16. Brukte til saman 5 timar og 15 minutt. Mykje folk på fjellet. Morosamt med slike omgjevnader, så annleis frå det eg vanlegvis ser. Bikkja oppførte seg eksemplarisk, ikkje noko problem med hund her, tvert imot. Tusen takk for turen!
Kommentarer