Døldarheia og Hovda (30.11.2012)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Kart
Bestigninger Døldarheia (735moh) 30.11.2012
Hovda (531moh) 30.11.2012
Kjort (505moh) 30.11.2012
Trodlanuten (732moh) 30.11.2012

I Blikrabygda var det tilrettelagt parkeringsplass ovanfør løa til Torunn Blikra. Herfra gjekk eg på traktorveg opp til Snaut 500 moh, litt nord for 520-punktet kalt Brennesteg. Vegen går lenger opp enn inntegna på Ølen-kartet. Der vegen slutta var det veldig godt merka stier til fleire turmål, bl.a til Døldarheia som eg skulle. Det var raudmalte trepinner med omtrent 20 m mellomrom så veldig greit å finne fram her sjøl om stien ikkje var like tydelig alle plasser. På toppen er det varde oppå en kampestein.
Gjekk så nordover på austsida av Mosarevvatnet til Trodlanuten og tilbake på vestsida av vatnet til eg kom inn på stien ned igjen. Gjekk så videre sørover over Brennesteg og Kjort og ned sør for Kjort var det et forferdelig uføre med bratte skrenter og tette einarbusker og brukte en del tid her.
Midt mellom Hovda og Kjort kjem det veger opp frå begge sider til et turmål kalt "friarane". Det er to kampesteiner der gutter og jenter visstnok møtest for å fri i gamle dager. Herfra gjekk eg opp og ned på merka sti til Hovda. Gjekk så traktorvegen ned til Vestvoll og Blikrabygda.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.