Pinsetur til Gjerdekollen (20.05.2013)  6

Skrevet av Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Startsted Erstad (40moh)
Sluttsted Erstad (40moh)
Turtype Fottur
Turlengde 3t 00min
Distanse 11,4km
Høydemeter 794m
Kart
Bestigninger Gjerdekollen trig. pkt. (708moh) 20.05.2013

Steikjande sol! Då var det greitt å ta oppstigninga frå Riksheimdalen og opp gjennom Gaddeskogen som ligg i skugge mesteparten av dagen. Var ganske sikker på at det skulle gå greitt å gå den vegen då eg har gått den på ski før. Var raskt oppe på flata der eg fann ein bra sauerås som førte rett til toppen. Fjøre til fjells hadde vore der og plassert ei fjøl, noko som vil føre til at Gjerdekollen blir godt besøkt i år, noko som toppboka (som også er nytt) kunne bekrefte. Valgte å gå ned mot Straumsheim og for ein gongs skuld fann eg råsa, som var merka godt....På Straumsheimsætra traff eg ei som venta på resten av reisefølget sitt, dei skulle også opp til kollen. Og litt lengre nede traff eg på ikkje mindre enn to andre reisefølger med Gjerdekollen som mål. Like greitt at eg var så tidlig ute då:-) Gjekk Olavsråsa og Sørestrandvegen heimatt til nybaka bollar og kringler:-)))

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.