Vi fann veien frå Haukåsen mot Leirholstølen. Kjøyrde først gjennom ei grind som stod åpen, men etter eit par hundre meter til kom vi til stengd grind. Parkerte og pakka sekk med godt med kle, det var nedbør i lufta og lenger vestover såg det veldig surt ut. Austover såg det fint ut så tydeleg at denne toppen låg på grensa for kva som kunne bli triveleg for dagen. Gjekk på sætrevegen til vi fann merking Gamle Remmistølen. Fulgte sti på nordaustsida av Remmisåne til vi kom oppunder kraftlinja. Vidare eit stykke langs linja før vi tok av og gjekk nordover, etterkvart på vestsida av Remmisåne på ok sti. Peila oss inn på ryggen Møsåkerkampen som går mot Vennisfjellet. Her var det meget vindfullt og utriveleg. Glatte steinar kombinert med snø gjorde det litt trasig. Vel framme på Vennisfjellet var det lett å bestemme at retur skulle gå meir nedover. Gjekk mot Drøsjetjernet, Øldrebotnen og Leirholstølen. Godt å komme ned i lavlandet. Oppsummert vil vi seie at ruta vi gjekk opp til Vennisfjellet var veldig lett og god. Enkelt å finne fram var det og. Retur Øldrebotnen ok nedover men ville ikkje gått opp her.
Kommentarer
Tittel mangler
Skrevet av boven 08.10.2013 19:20Hehe den kom kjappt Morten! Vi hadde tenkt på 1800m prosjekt rundt Aursjoen men veret i Lom/Skjåk var ikkje heilt ok. Så dermed vart det over flya ein tur ja, og pf var fokus her. Turen frå Haukåsen til Vennisfjellet var heilt fin den. Skaget var betydeleg mer intetsigende. Vi kjem tilbake!
Men det var da...
Skrevet av mortenh 08.10.2013 19:01Men det var da som bare da. Har vestelendingene rotet seg over i Valdres, og det på en grå mandag? Dere kunne vel valgt en finere Valdrestopp? Men det var kanskje primærfaktoren som lokket og dro?