Stortur til Stiganosi. (26.09.2013)
Skrevet av hslite (Hans Christian Tenol- Tuxen Lilleøren)
Bestigninger | Stiganosi (1761moh) | 26.09.2013 |
---|
image:hslite_dsc03086.jpg
Dagane 26.-27. september viste Vestlandsnaturen seg frå si beste side. Bestemte meg noen dagar i forvegen at det måtte bli tur til Stiganosi og med fri frå jobb fredagen var det berre å slå til. Rett i bilen fra jobb på Haukeland bar det innover langs E16 mot Voss, kort kaffe pause der, så møtte eg mine kjære foreldre på Vinje, dei hadde kjørt frå Vik i Sogn for å møta meg og avlevera ein hund i anledning turen. Den avleverte hunden, ein husky ved navn Zikander. Kom til Gudvangatunnelen aust i 19- tida om kvelden. Parkerte der, og vi starta stigninga opp mot den trange Jonadalen på Undredalshalvøya.
Spesielt å vera i ein slik dal, under deg er ein norges lengste og trafikkbelasta vegtunnelar, mens den fredelege og "mystiske" Jonadalen verkeleg får fram villmarksfølelsen.
Over platået mot sjølve Stiganosi var det eit stykke, låg eit tynt lag nysnø\frossen delvis smelta nysnø innover, nådde toppunktet, her var det verkeleg vinter og stod i ein sterk kontrast til haustlandskapet lægre ned.
Måtte eit stykke mot vest for å få eit glimt av Nærøyfjorden, vel 1680 hm under oss. Vidare over varden igjen, så over Syrdalsbreen, fin breflate, så mot punkt 1734 og utsikt mot hengebreen som går ned mot Djupsåbotn mot Undredalen. Mektig landskap dette! Likar slikt!
Eit fantastisk område og for nokre omgjevnader, skulle ønska det kunne gått fleire her, men det verkar ganske uberørt. Reiser så gjerne tilbake!
Kommentarer
Grattis med din første rappor
Skrevet av knutsverre 08.12.2013 22:09Hans Christian! Jeg tar gjerne turen til Stiganosi sammen med deg en gang det passer!
Sv: Grattis med din første ra
Skrevet av hslite 09.12.2013 19:06Takk skal du ha Knut! Hadde vore kjekt det, blir nok ikkje før til sommaren igjen, men det opnar seg mogelegheiter også om vinteren, då med utg punkt Grindaflethytta.;)
Mvh Hans Christian