Lundsfjellet og Nøta (28.01.2014)

Skrevet av JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Turlengde 1t 40min
Distanse 5,0km
Høydemeter 557m
GPS
Bestigninger Lundsfjellet (296moh) 28.01.2014
Nørdre Lundsfjellet (275moh) 28.01.2014
Nøta (199moh) 28.01.2014

Alt håp er som kjent ute, og då kan ein ikkje berre sitje og gnure på eit kontor og sjå ut på solfylte fjelltoppar! Derfor slutta eg tidleg i dag, og satte kursen mot Vågstranda. Eg hadde sett meg ut to skogkledde åsar som kunne passe fint i dag. Nesten heile Lundsfjellet er verna som barskogreservat, og eg var ganske spent på både naturen og om eg ville få noko utsikt.

Eg parkerte nedanfor garden i Brudeskaret, og fulgte merking mot Lundsfjellet og Helgestø. Raud merking heilt til topps, men stien er ellers noko utydeleg og eit bevis på lite ferdsel. På toppen fekk eg gløtt av både fjord og fjell, og spesielt var utsikta mot Venjestindan og Trolltindan flott. Artig med trolsk skog i forgrunnen og majestetiske toppar i bakgrunnen.

Etter å ha returnert ned same vegen til Brudeskaret fann eg merka sti opp til Nøta. Kort og enkel tur, og veldig flott utsikt utover Vågen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.