På ski til Estenstadhytta (18.03.2014)
Skrevet av bergteken (Sunniva)
Andre besøkte PBE'er | Estenstadhytta (310moh) | 18.03.2014 |
---|
Endeleg såg det ut til at me skulle få eit par dagar med vinter i Trondheim. Etter å ha fulgt med på løypemaskinene sin aktivitet etter snøfallet, stod eg opp tidleg tirsdag morgon og tenkte at lekser fekk vere lekser. Ute skein sola og det var så vidt minusgrader. Eg gjekk så fort eg kunne frå Nardo opp Heggedalen til Lohove. No var eg jammen meg utålmodig. Ved Lohove var det berre å klikke på seg skia og leggje iveg. Sjølv om klokka ikkje var ni endå, møtte eg fleire skilauparar på veg ned att frå Estenstadmarka. Fann greitt fram og hamna på Estenstadhytta. No hadde det byrja blåse og snø litt. Fekk utsikt innimellom. Ned att hadde eg stort sett nykøyrde løyper og eit stort glis om munnen. Eg har ikkje gått på ski på ein månad, og det er lengje å vente når ein kjem frå ein omtrent snø- og vintersikker stad. Gjekk 12,4 km på ski og 5,6 km til fots og var heime i god tid før lunsj. Flott start på dagen!
Kommentarer