School of trad i The Gunks (19.04.2014)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Andre besøkte PBE'er | Shawangunk | 19.04.2014 |
---|
Finvær, langhelg, nytt trad-rack = The Gunks!
Køyrde frå Boston til New Paltz laurdag. Fin liten universitetsby, "alternativ" for den som likar slikt (og det gjer jo ein!), besøkte den meget velutstyrte butikken Rock&Snow, og så drog vi rett til klippene The Traps på Shawangunks 10 min utanfor byen.
Deilig temperatur, avslappa stemning, mykje folk, flotte ruter. Vi er relativt nye i trad-kunsten, så vi holdt marginane gode (5.2/3), men det var for det meste gode sikringar, og også enkle ruter baud på veldig artig klatring.
Siste dagen slo vi til med litt buldring, men etter å ha karra meg opp ein V2 med nød og neppe konkluderte eg med at kroppen hadde fått nok av klatring.
Men NESTE gong ... !
Kommentarer