Lodalskåpa (01.05.2014)
Skrevet av SÅH (Sven-Åge Hauge)
Bestigninger | Brenibba (2018moh) | 01.05.2014 |
---|---|---|
Høgste Breakulen (1957moh) | 01.05.2014 | |
Lodalskåpa (2082moh) | 01.05.2014 | |
Ramnane (1844moh) | 01.05.2014 | |
Veslekåpa (1988moh) | 01.05.2014 | |
Sørvest for Veslekåpa (1950moh) | 01.05.2014 | |
Andre besøkte PBE'er | Bødalseter (585moh) | 01.05.2014 |
Flatbrehytta (994moh) | 01.05.2014 | |
Steinvarde Bohrsbreen (1640moh) | 01.05.2014 |
Jostedalsbreen med besøk på Lodalskåpa og Brenibba
Endelig vart det tur på Jostedalsbreen og bestigning av Lodalskåpa og Brenibba.Me kjørte 2 biler til Fjærland, parkerte den eine her og fortsatte til Bødalen der me ankom ca 2330 onsdag 30 april. Da var det berre å rulle ut soveposane i bilen til Jørn og få seg nokre timer søvn. Det vart ein tur med varierende forhold med alt fra blå himmel, sol og varmt til null sikt vind og kaldt.

Neste morning var det skiftande vær, like fort som me såg blå himmel kom skyene sigande og det vart grått og blindt føre. Men pakka ned campen og la i vei mot Brenibba kl 0900. Me var på toppen kl 1016 og fortsatte derfra innover breen mot Høgste Brekulen. Det var overraskende lite folk å sjå. Bortsett fra nokre midre grupper ved Ståleskar og Brenibba hadde me kun sett to mindre gruppe før oss innover breen. Nokre km før Høgste Brekulen tok me lunsj. Da me nærma oss Brekulen dukka det opp ei stor gruppe NV for oss som hadde gått parallelt med oss i retning Fjærland. Me ankom Høgste Brekulen kl 1440. Me passerte denne gruppa like før oppstigninga til Ramnane og hadde ein kort prat med ein av turleiarane som var frå Sogn og Fjordane turlag. Dei hadde planer om å komme seg over Ramnane før dei slo leir. Vårt mål var egentlig å komme oss heilt ned mot Flatbrehytta. Over Ramnane gjekk det seint, det var no blitt svært vanskelig sikt, flatt lys og me gjekk blindt etter gps. Vinden øka også på og det blas friskt på toppen. Me bestemte oss no for å gå fram til Bings gryte å slå leir der. Da me nærma oss Bings gryte dukka det opp ein lavvo og eit telt, og me slo leir i samme område. No smaka det med middag. Været vart dårligare utover kvelden med vind og føyke.
Neste morning blas det fortsatt og sikten var svært dårlig. Det var også blitt kaldare. Kl 1025 var sekkane pakka og me la i vei på siste etappe. Gjengen i lavvo og telt hadde reist før oss. Igjen vart det å gå etter gps, det var ikkje råd å sjå om det gjekk opp eller ned 2 meter framfor skituppen. Når me nærma oss Supphellebreen braut sola i korte øyeblikk igjennom og ga oss litt sikt framover og rett før me skulle ta fatt på nedkjøringa slo skylaget sprekker og me fekk flott utsikt mot Supphellenipa. Når me stod og tok av fellene før nedkjøringa dukka det ei gruppe opp bak oss som visa seg å være gjengen i lavvo. Dei hadde me tydeligvis passert. Det gjekk raskt nedover breen no når me hadde sikt, og kl 1311 var me ved Flatbrehytta. Her var ein utrulig utsikt sjølv i dag når skyene låg nedover dei høgaste toppane. Etter ein kort pause fortsatte me på ski so langt det var mulig før me tok skia på sekken. Kl 1445 var me nede med bilen. Her stod det ei jente og solgte kald cola og tok betalt for parkering. Alle betalte parkering med eit smil og det var nok ingen fare for at ho satt igjen med cola når dagen var omme.Nok ein kjempe flott tur i lag med Aina og Jørn. Berre synd me ikkje fekk litt bedre sikt på Lodalskåpa og underveis på breen.
For fleire bilder sjå http://www.utifriluft.com/Friluftslivturersommarogvinter/Jostedalsbreen-med-Lodalskåpa/
Kommentarer