Fylkestopp nr 4 (30.07.2011)
Skrevet av bakken59 (Kristin Bakken)
Bestigninger | Gaustaråen punkt SØ for topp (1615moh) | 30.07.2011 |
---|---|---|
Gaustatoppen (1883moh) | 30.07.2011 |
Laurdag 30. juli skulle broren min med familie og gjester dra heim frå Langlim, og Tom og eg og hunden blei med. EG hadde strengt tatt ikkje vore på toppen før, berre snudd ved tårnet pga høgdeskrekk. Så dette skulle no gjerast ordentleg. Tom og eg starta 10 minutt før dei andre, men blei inngått av Erling rett før toppen. Vi brukte 1 time og 22 minutt opp, han brukte 1 time og 11 minutt. Litt luftig og ekkelt bortover med ein gong, men blei litt sikrare etter kvart, og tilbake gjekk eg meir oppreist .Hunden gav opp halvvegs bort til toppen. Det kom nokre toreskrell då vi var på toppen. Litt skummelt, så vi hasta tilbake. Vaffel på hytta før vi snudde heimover. Fire av oss heldt fram til Gaustaråen. Erling, Anniken, Kari, Frida, Knut, Andreas, Tom og Uncas var med. Til Gaustaråen gjekk Erling og Knut med Tom og eg. Første strekket gjekk greitt. Fin ettermiddagssol, og fint å hoppe frå stein til stein. To vardar der, gpsen viste 1620 og 1618. Turen frå Gaustaråen og heim blei slitsam. dumt av oss, men vi gjekk rett aust frå toppunktet, og det var ein kjempestor ur med litt for store stienar å gå i. Tom sleit med anklane sine, og hunden kava også. Hunden bada og drakk i den austlegaste av dammane der oppe. Deilig å tippe over kanten og ned lia til parkeringa.
Kommentarer