Andre påskedag på aleinetur til Vikerfjell (08.04.2013)

Skrevet av bakken59 (Kristin Bakken) GSM

Kart
Bestigninger Gyranfisen (1126moh) 08.04.2013

Første gong i Vikerfjell. Flott skiterreng! Tok av ved Killingsundet og skilt med Vikerfjell. Betalte 50 kr i bompengar, men skulle ha betalt kr 60 - hadde ikkje meir. Køyrde vegen til ende og starta å gå frå Lykkrosmyra. Flotte nykøyrde spor. Eg detvalde fjellskia etter å ha ha tatt med meg to par, smurde med universalklister. Spikerfeste opp til Store stein, 5,6 km opp dit og så 2 km utanom løyper opp til toppen. Fekk følgje med ein kar frå Hønefoss, hans første tur også. Vi åt niste saman på toppen. Flott dag med ustyn i alle retningar. Fjellskia var veldig kjekke å ha nedatt til Store stein, for det var is og fokksnø. det siste stykket ned mot Store stien var det nydeleg med 5-10 cm nysnø. Karen frå Hønefoss sleit på langrennsskia. Så gjekk eg mot nord og aust for å få med meg ein runde på ca 24 km. Dei første 5 km var nedoverbakke og så sleit eg av alt klisteret. sjølv om eg smurde på nytt med sølvklister etter at eg kom ned på flatene, hadde eg håplause ski i isute spor heile vegen tilbake. Isklister hadde vore tingen! Likevel: nydelege flater med myr, vatn, furuleggar og nokre hytter innimellom. Deilig skiterreng. Eit slit tilbake til bilen. Ingen var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.