Espedalsvatnet og Breidsjøen på langs (24.06.2014)

Skrevet av bergteken (Sunniva)

Kart
Bestigninger Nørdre Megrundskampen (1329moh) 24.06.2014
Venhøa (1224moh) 24.06.2014

Padletur med Åsmund og Håvard, eg i kajakken Enkeltmannsåretak, dei kanoen Elvegris. Starta i Vassenden på Espedalsvatnet tysdag ettermiddag. Overnatta på Storholmen før me padla vidare til Verksodden onsdag. Her gjekk me i land på ei fin sandstrand. Me gjekk opp på Nørdre Megrundskampen og Venhøa før me kokka oss middag og padla ut på Valdrestjern. Visste at me hadde god tid så me slo like så gjerne opp teltet her. Før me kvelda vart det ei kulturhistorisk vandring til smelteomnen på Verksodden i ein vakker solnedgang. Torsdag morgon kosa me oss med god frukost før me padla "stryka" på Stubben og vidare ut på Breidsjøen. Det vart ei behageleg sisteetappe og regnet kom akkurat idet me pakka ting og tang inn i støtteapparatet sin bil. Takk for ein flott tur i eksemplarisk padlevêr!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.