Øksfjordjøkelen (15.08.2014)

Skrevet av SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Turlengde 8t 56min
Distanse 24,6km
Høydemeter 1451m
GPS
Bestigninger Loppatinden (1175moh) 15.08.2014
Øksfjordjøkelen (1191moh) 15.08.2014

Eg og Glenn hadde bestilt flybilletter til Tromsø tidlig i vår, for å ta turen på fylkestoppane i Finnmark (Øksfjordjøkelen) og Troms(Jiehkkevarri). Me visste ikkje da at sykkelrittet Arctic race skulle foregå samme helga, og at dette skulle påvirke våre planer.
Me ankom Tromsø torsdag kveld og da me tok ut leiebil fekk me opplyst at veien til flyplassen vart stengt søndag kl 12 pga sykkelrittet , og dermed måtte me være tilbake på flyplassen med leiebilen søndag formiddag og ikkje kl 1800 som me hadde planlagt. Me hadde altså fredag og lørdag til å gjennomføre turane på. Værmeldinga var ikkje gunstig for lørdag men det skulle bli bra søndag. Da me ikkje kunne nytte søndagen likevel var det berre å gløyme været. Toppane skulle bestigast, og me hadde ikkje meir enn tid og vei.
Me ville ta turen til Øksfjordjøkelen først og hadde dermed ein lang kjøretur framfor oss. Me rakk i siste liten å finne ein kiwi butikk som var åpen til 2300 og fekk handla det me trengte av mat og drikke, før me satte kursen nordover til Øksfjord. Me ankom Øksfjord ca kl 0330 og satte opp telt ved fergenkaien. Det vart lite søvn her me låg i veikanten. Første ferga over til Tverrfjord gjekk kl 0845 og me var ikkje akkurat utkvilt da me kjørte av ferga og inn til Tverrfjordvatnet.
Me starta å gå kl 10. Siste ferga tilbake fra Tverrfjord hadde avgang kl 1945, og dermed hadde me ca 9 timer på oss til sjølve turen. Me gjekk over brua og fulgte stien på venstre side av Tverrfjordvatnet ca 600m før me dreidde oppover mot 226-vatnet som me passerte på østsida. Videre opp i skaret innerst i dalen. Herfra kunne me sjå opp på breen. Fortsatte sørvestover eit lite stykke før me måtte ned i eit skar. Herfra fulgte me renna sørover opp til ein bekk og videre lett klyving langs bekken opp til breen. Ved brekanten tok me på stegjern men tauet var ikkje bruk for enda.
Me gjekk over Loppatinden(1175m) og fortsatte mot toppen. Ca 1 km etter Loppatinden vart breen meir snødekt og me tok fram tauet. Skodda låg nedover breen og me fekk ikkje utsikten me håpa på. Me fortsatte oppover til det flata ut og da oppdaga eg at høgste punktet låg ein god kilometer mot NV. Me gjekk bort på toppen og passerte her ein heil del sprekker. Litt øst for toppen var det ein fjellknaus med ein liten varde på. Såg ut som fast fjell, og denne var ca 6-7 m lavere enn høgste punkt på breen, og i så fall høgare enn Loppatinden.
På tilbaketuren, nesten nede av breene fant Glenn ein gammel vandrestav med inskripsjon(sjå bildet).
Samme vei tilbake og var nede ved bilen kl 1840. Greit vær og fin temperatur, men skulle gjerne hatt skikkelig sikt på toppen.
Me tok ferga tilbake til Øksfjord og kjørte sørover mot Jiehkkevarri som er morgendagens mål.
Bilder: http://www.utifriluft.com/Norges-fylkestopper/%C3%98ksfjordj%C3%B8kelen-Finnmark/

Kommentarer

  • -
    avatar

    Lokal brevandrer som ble nyskj

    Skrevet av june 23.06.2016 22:49

    ble gjort oppmerksom på turen din, flotte bilder. Jeg er en lokal som har drevet på i Loppa siden 90 tallet - jeg ble litt nyskjerrig på den vandrestaven, hvor den ble funnet og om dere kunne tyde hva det stod?

    • -
      avatar

      Sv: Lokal brevandrer som ble n

      Skrevet av SÅH 26.06.2016 22:19

      Hei June. På sida mi(link i teksten over) finn du bilde av staven og inskripsjonen. Litt usikker kva det står, ser ut som det står J:I:194?(? usikker kva siste tall er). Staven vart funnet i nedre del av breen, nokre hundre meter inne på breen. Me satte den igjen der me gjekk av isen og der det tredje siste bilde er tatt(Glenn står med staven i handa). Om du laster ned GPS sporloggen min og bruker den kan det være mulig å finne den igjen.

  • -
    avatar

    Takk for rapport..

    Skrevet av arntfla 19.08.2014 15:34

    og fine bilder. Skal definitivt ta turen oppover!

    • -
      avatar

      Sv: Takk for rapport..

      Skrevet av SÅH 19.08.2014 18:39

      Fin tur og sikkert ein skikkelig opplevelse om ein er heldig med været og sikten. Tips: Sjekk ferjerute. Få avganger, spesielt i helga

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.