Megrundskampen (14.08.2012)
Written by bergteken (Sunniva)
Ascents | Megrundskampen (1,346m) | 14.08.2012 |
---|---|---|
Nørdre Megrundskampen (1,329m) | 14.08.2012 |
Langt på dag bestemde eg meg for å ta ein tur til Megrundskampen. Eg og Marwin reiste difor frå huset hennar bestemor i Espedalen og til Venliseter. Kl var omtrent halv eitt då me gjekk. Kjente at eg var valdsamt stiv i lyskene etter fotballtrening, men vart fort varm oppover den slake lia/bjørkeskogen. Kom over tregrensa, kor eg nådde att to karar som skulle fiske på Megrundstjønn. Ynskte kvarandre god tur vidare.
Oppe på snaufjellet gjekk eg fyrst opp på Megrundskampen, deretter bortom Nørdre Megrundskampen. Gjekk beint ned att på nordvest-sida og trefte stigen eit stykkje nede i lia. Pent, varmt stuttbuksever, god vind på toppane. Jogga nedover bjørkeskogen og var ved bilen att tjue på tre.
User comments