Lodalskåpa (01.05.2014)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Duration 57h 06min
Distance 65.9km
Vertical meters 3,261m
GPS
Ascents Brenibba (2,018m) 01.05.2014
Høgste Breakulen (1,957m) 01.05.2014
Lodalskåpa (2,082m) 01.05.2014
Ramnane (1,844m) 01.05.2014
Veslekåpa (1,988m) 01.05.2014
Sørvest for Veslekåpa (1,950m) 01.05.2014
Visits of other PBEs Bødalseter (585m) 01.05.2014
Flatbrehytta (994m) 01.05.2014
Steinvarde Bohrsbreen (1,640m) 01.05.2014

Jostedalsbreen med besøk på Lodalskåpa og Brenibba

Endelig vart det tur på Jostedalsbreen og bestigning av Lodalskåpa og Brenibba.
Me kjørte 2 biler til Fjærland, parkerte den eine her og fortsatte til Bødalen der me ankom ca 2330 onsdag 30 april. Da var det berre å rulle ut soveposane i bilen til Jørn og få seg nokre timer søvn. Det vart ein tur med varierende forhold med alt fra blå himmel, sol og varmt til null sikt vind og kaldt.
såh_bødalsseter_1_mai_2014.jpg
Me starta fra parkeringen ved Bødalsseter kl 0555. Me måtte bære skia på sekken innover dalen og opp forbi fossen fra bekken til Kåpevatnet. Det var lett å gå med frost i bakken og skare der det låg snø. Det var grått vær og enkelte snøbyger, men sola kjempa på og da me var i Brattbakkane fekk me blå himmel over oss. Herfra såg me at det kom fleire folk nede ved Kåpevatnet. Når me nærma oss brekanten kom Kåpa til syne i all si prakt. Me ankom Ståleskaret kl 1123, tok lunsj og satte opp telt. Personane som hadde komt etter oss passerte og skulle på Lodalskåpa. Skyene kom sigande og me måtte prøve å få Kåpa med oss i dag, da me ikkje visste noko om værutsiktene framover. Me gjekk fra teltet kl 1328 og satte kursen mot Vetle Kåpa. Da me var rett under toppen på Vetle traff me eit turfølge som hadde forsøkt seg på Kåpa men hadde snudd på grunn av dårlig sikt. Litt usikker valgte me å fortsette. Det var dårlig sikt men me fulgte forsiktig spora bort mot Kåpa. Når me kom bort såg me at det var 5 par ski under toppen. Me hadde kun eit par stegjern med oss og det var svært hardt og isete. Me hadde med eit tau og seler og tok dette med opp i skaret i tilfelle me kunne bruke dette for å komme opp. Herfra var det umulig å komme lenger uten stegjern. Eg hadde ingen planer om å gå herfra uten å få med meg denne toppen. Eg fortsatte oppover og Aina og Jørn satt igjen. Dei som var før oss kom no ned igjen. Den eine gruppa hadde som oss for få stegjern og siste mann i denne gruppa kom opp til toppen rett etter meg. Da eg returnerte til skaret var Jørn litt usikker men valgte å forsøke. Det gjekk heilt fint og det var ein meget glad mann som kom ned igjen i skaret. Det var synd me ikkje hadde 2 par stegjern. Aina ville og på toppen men dette vart litt for bratt for ho aleine. Skodda låg tett og det var litt snø i lufta. Me tok oss forsiktig ned til skia og fortsatte tilbake mot Vetle. Nokre sekund letta skodda og eg rakk akkurat å få tatt nokre bilder av toppen me hadde vert på. Tilbake i teltet kl 1800. Me hadde brukt lang tid, men det var det verdt.

Neste morning var det skiftande vær, like fort som me såg blå himmel kom skyene sigande og det vart grått og blindt føre. Men pakka ned campen og la i vei mot Brenibba kl 0900. Me var på toppen kl 1016 og fortsatte derfra innover breen mot Høgste Brekulen. Det var overraskende lite folk å sjå. Bortsett fra nokre midre grupper ved Ståleskar og Brenibba hadde me kun sett to mindre gruppe før oss innover breen. Nokre km før Høgste Brekulen tok me lunsj. Da me nærma oss Brekulen dukka det opp ei stor gruppe NV for oss som hadde gått parallelt med oss i retning Fjærland. Me ankom Høgste Brekulen kl 1440. Me passerte denne gruppa like før oppstigninga til Ramnane og hadde ein kort prat med ein av turleiarane som var frå Sogn og Fjordane turlag. Dei hadde planer om å komme seg over Ramnane før dei slo leir. Vårt mål var egentlig å komme oss heilt ned mot Flatbrehytta. Over Ramnane gjekk det seint, det var no blitt svært vanskelig sikt, flatt lys og me gjekk blindt etter gps. Vinden øka også på og det blas friskt på toppen. Me bestemte oss no for å gå fram til Bings gryte å slå leir der. Da me nærma oss Bings gryte dukka det opp ein lavvo og eit telt, og me slo leir i samme område. No smaka det med middag. Været vart dårligare utover kvelden med vind og føyke.

Neste morning blas det fortsatt og sikten var svært dårlig. Det var også blitt kaldare. Kl 1025 var sekkane pakka og me la i vei på siste etappe. Gjengen i lavvo og telt hadde reist før oss. Igjen vart det å gå etter gps, det var ikkje råd å sjå om det gjekk opp eller ned 2 meter framfor skituppen. Når me nærma oss Supphellebreen braut sola i korte øyeblikk igjennom og ga oss litt sikt framover og rett før me skulle ta fatt på nedkjøringa slo skylaget sprekker og me fekk flott utsikt mot Supphellenipa. Når me stod og tok av fellene før nedkjøringa dukka det ei gruppe opp bak oss som visa seg å være gjengen i lavvo. Dei hadde me tydeligvis passert. Det gjekk raskt nedover breen no når me hadde sikt, og kl 1311 var me ved Flatbrehytta. Her var ein utrulig utsikt sjølv i dag når skyene låg nedover dei høgaste toppane. Etter ein kort pause fortsatte me på ski so langt det var mulig før me tok skia på sekken. Kl 1445 var me nede med bilen. Her stod det ei jente og solgte kald cola og tok betalt for parkering. Alle betalte parkering med eit smil og det var nok ingen fare for at ho satt igjen med cola når dagen var omme.

Nok ein kjempe flott tur i lag med Aina og Jørn. Berre synd me ikkje fekk litt bedre sikt på Lodalskåpa og underveis på breen.
For fleire bilder sjå http://www.utifriluft.com/Friluftslivturersommarogvinter/Jostedalsbreen-med-Lodalskåpa/

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.